Akuvi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akuvi
Fødd25. mai 1994 (29 år)
FødestadAsker
OpphavNoreg
Aktiv2019–
Verka somvokalist, låtskrivar

Beatrice Akuvi Hosen Kumordzie (fødd 25. mai 1994), også kjend under artistnamnet Akuvi, er ein norsk songar og låtskrivar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kumordzie har røter frå Ghana og er oppvaksen på Borgen i Asker, i ein musikalsk familie. Faren, Kofi Kumoji, er ein ghanesisk musikar, og systera Anna-Lisa Kumoji er artist og skodespelar. Gjennom faren vart ho tidleg introdusert for afrikansk musikk og rytmar, og etter kvart fekk hun interesse for amerikansk hiphop og R 'n 'B.[1][2][3]

I byrjinga av 20-åra flytta Kumordzie til Cape Town i Sør-Afrika der ho eksperimenterte i ulike musikksjangrar saman med lokale musikarar.[4] Sjølv skildrar ho musikken sin som «reggae-infuced neo-soul».[1][2]

Akuvi gav ut sine fyrste singlar i 2019, og same år deltok ho i fleire tv-program som Beat for Beat (NRK) og Expresso Morning Show (SABC), i tillegg til festivalar som Oslo Afro Arts Festival i august 2019 og Bergen International Music Festival i oktober same året.[1][5]

Akuvi var ein av finalistane i Melodi Grand Prix 2020 i Trondheim 15. februar. Der deltok ho med låten «Som du er».[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • 2019 – Unfinished Business

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2019 – «Free Me from Me»
  • 2019 – «Obligations»
  • 2020 – «Som du er»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Akuvi». NPS Music (på norsk bokmål). 13. desember 2019. Arkivert frå originalen 5. desember 2020. Henta 11. januar 2020. 
  2. 2,0 2,1 Sand, Camilla (6. januar 2020). «Her er de første deltakerne i MGP 2020». NRK (på norsk bokmål). Henta 11. januar 2020. 
  3. «Akuvi». Akuvi (på engelsk). Arkivert frå originalen 11. januar 2020. Henta 11. januar 2020. 
  4. «Beatrice dyrker musikken i Sør-Afrika». studenttorget.no (på norsk bokmål). Henta 11. januar 2020. 
  5. «AKUVI KUMOJI & KECHOU». OSLO AFRO ARTS FESTIVAL (på engelsk). Arkivert frå originalen 11. januar 2020. Henta 11. januar 2020. 
  6. Craig, Elin Reffhaug (6. januar 2020). «Tone Damli og Akuvi er klar for MGP-sirkuset». www.budstikka.no (på norsk). Henta 11. januar 2020. [daud lenkje]