Anna-Lisa Kumoji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna-Lisa Kumoji
Fødd26. februar 1990 (34 år)
FødestadBærum kommune, Bærum sykehus
FødenamnAnna-Lisa Adjo Hosen Kumordzie
AliasAnna-Lisa Kumoji
OpphavNoreg
Aktiv2012–
Verka somvokalist, dansar, stemmeskodespelar, songar

Anna-Lisa Kumoji (fødd 26. februar 1990) er ein norsk songar, skodespelar, stemmeskodespelar og musikalartist. Ho har spela i fleire musikaloppsetjingar, blant anna The Book of Mormon, Flashdance og West Side Story i tillegg til tv-seriar som Farfar og Familien Lykke. I 2019 deltok ho i Melodi Grand Prix med låten «Holla». Kumoji har sidan delteke i tv-program som Beat for beat, Idrettsgallaen, Senkveld, Kvelden før kvelden, All Together Now og Stjernekamp. Ho har også lagt norsk stemme på figurar i to Disney-filmar og to Netflix-filmar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kumoji har røter frå Ghana og Bodø og er oppvaksen på Borgen i Asker.[1] Per 2022 bur ho i Drammen. Ho er storesystera til Beatrice Akuvi Hosen Kumordzie, som også er musikar under artistnamnet Akuvi.

Kumoji gjekk på musikklinja på Steinerskolen i Bærum, og gjekk deretter eit år på musikallinja på Seljord Folkehøgskule (2009–2010). Frå 2011 til 2013 gjekk ho på Bårdar Akademiet i Oslo.[2][3]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter utdanninga har ho jobba som profesjonell songar, stemmeskodespelar og musikalartist. Blant oppsetjingane ho har spela i er The Book of MormonDet Ny Teater i København og Flashdance og West Side StoryChateau Neuf i Oslo. Ho har også den norske stemmen til figuren «Bulda» i Disney-filmen Frost, «Plumette» i Skjønnheten og udyret og «Louisa» i Encanto.[2][4]

Kumoji er soulrock-songar, men syng også innanfor sjangrane jazz, storband, gospel, funk og pop.[4][5] I mars 2019 deltok ho i Melodi Grand Prix 2019 med songen «Holla», skriven av Ashley Hicklin, Jeroen Swinnen og Maria Broberg. I Melodi Grand Prix gjekk ho vidare til gullfinalen og enda til slutt på en fjerdeplass.[6]

I 2022 var Kumoji blant finalistane i Melodi Grand Prix med låten «Queen Bees», som er skriven av Olli Äkräs, Alan Roy Scott, Elsbeth Rehder og Anna-Lisa Kumoji. Songen var produsert av Äkräs.[7] Ho gjekk ikkje videre frå første runde.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anna-Lisa fra Asker med i MGP». www.budstikka.no (på norsk). 25. januar 2019. Henta 25. januar 2019. 
  2. 2,0 2,1 Hyttebakk, Jon Marius (25. januar 2019). «Her er artistene i MGP 2019». NRK (på norsk bokmål). Henta 25. januar 2019. 
  3. «Anna-Lisa Kumoji». Seljord Folkehøgskule (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 26. januar 2019. Henta 25. januar 2019. 
  4. 4,0 4,1 «annalisakumoji | CV». Artist | Norge | Anna-Lisa Kumoji (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. januar 2019. Henta 25. januar 2019. 
  5. «- Jeg er halvt nordlending, så jeg har jo litt faenskap i meg allerede der!». KK.no. 25. januar 2019. Henta 25. januar 2019. 
  6. «Melodi Grand Prix-sirkuset over for Anna-Lisa». www.budstikka.no (på norsk). 2. mars 2019. Henta 3. mars 2019. 
  7. «Her er artistene i Melodi Grand Prix 2022». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 12. februar 2022. 
  8. Khorami, Aida (19. februar 2022). «Subwoolfer er Norges bidrag til Eurovision». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. februar 2022.