Al Buraimi guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Al Buraymi)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 24°15′N 55°45′E
Al Buraimi
guvernement
Al Ain - Buraimi border.JPG
Grensekontroll mot Al-Ain i 2006
Land Flag of Oman.svg Oman
Koordinatar 24°15′N 55°45′E
Al Buraymi in Oman 2016.svg

Al Buraimi (arabisk البريمي) er eit guvernement i Oman, som vart skild ut frå regionen Ad Dhahirah.

Fram til oktober 2006 var området ein del av Ad Dhahirah guvernement. På denne tida vart det skapt eit nytt guvernement frå provinsane Al Buraymi og Mahdah. Ein tredje provins, Al Sunaynah, vart oppretta frå delar av desse to.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Byen Al-Buraymi er ein oaseby nordvest i Oman, på grensa til Dei sameinte arabiske emirata. Ein tilstøyande by på den emiratarabiske sida av grensa er Al Ain. I mange tiår var det open grense mellom Al-Buraimi i Oman og Al-`Ain i UAE. Frå 16. september 2006 vart denne grenseovergangen flytta til eit område rundt Hilli som er kring 8 kilometer frå den tradisjonelle opne grensa. Den tradisjonelle grensa nær Al-`Ain by er no stengd for alle utanom dei med gyldig visum. (Folk frå land i Golfrådet treng ikkje visum).

Før grenseovergangen vart flytta, var det relativt vanleg for utanlandske arbeidarar frå Al-`Ain å leige hus eller leilegheit i Al Buraimi, sidan dei kosta omtrent halvparten av prisen for tilsvarande bustad i Al-`Ain. Dette endra seg derimot når ein måtte ha visum, sidan det vart lange køar ved overgangane i rushtida.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landskapet i Al-Buraimi skil seg stort frå landskapet i Al-`Ain, og består hovudsakleg av vide grussletter og skarpe steinar. Al-Buraimi er langt mindre enn den tilstøytande byen Al-`Ain og er openberr mindre velståande. Gatene i Al-Buraimi har ikkje namn og utviklinga i byen skjer stykkevis.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Buraimi har vore ein del av Oman frå kring 600 evt. Azd-stammene i Oman budde i området. Al-Buraimi vart så fråflytta på 700-talet og stod tom fram til Al Nuaimi-stamma bygd opp att byen på 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]