Al Heera
Utsjånad
| Al Heera | |||
| forstad | |||
Al Heera politistasjon | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Emirat | Sharjah | ||
| Høgd | 0 moh. | ||
| Koordinatar | 25°22′53″N 55°24′11″E / 25.38139°N 55.40306°E | ||
![]() Al Heera 25°22′53″N 55°24′11″E / 25.381388888889°N 55.403055555556°E | |||
Al Heera er ein forstad nord i Sharjah i Dei sameinte arabiske emirata, tradisjonelt heimstaden til Darawishah, og ein del av Al Bu Shamis-delen av Na'im-stamma. Ein gong erklærte det seg sjølvstendig frå Sharjah, og hadde sin eigen sjeik, før det formelt vart ein del av emiratet Sharjah i 1942. Det er ein kystenklave med ei lita hamn nytta av fleire fiskarar og fritidsbåteigarar.
Den opphavlege fiskarlandsbyen, som hovudsakleg bestod av adobe- og korallhus, låg langs cornichen i området like bak Al Heera politistasjon, men vart fråflytta og så heimstaden til taxisjåførar og ulovlege arbeidsinnvandrarar gjennom 1990-åra, før det vart rive ned. Det er lite att av den originale busetnaden i dag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al Heera» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2016.


