Nahwa
Utsjånad
| Nahwa | |||
| النحوة | |||
| landsby | |||
Nye Nahwa | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Emirat | Al-Sharjah | ||
| Høgd | 506 moh. | ||
| Koordinatar | 25°16′6″N 56°16′49″E / 25.26833°N 56.28028°E | ||
| Tidssone | UAE standard time (UTC+4) | ||
![]() Nahwa 25°16′24″N 56°17′07″E / 25.273333°N 56.285167°E | |||
| Wikimedia Commons: Nahwa | |||
Nahwa er ein landsby i emiratet Sharjah i Dei sameinte arabiske emirata. Han er ein mot-enklave i det omanske territoriet Madha, som i seg sjølv er ein enklave i Emirata.
For å kome til landsbyen Nahwa, må ein ta den nordlegaste vegen inn i enklaven Madha, sør for Khor Fakkan mot Nye Madha. Herfrå går det ein svingete veg på kring 5 km til Nahwa.

Sjølv om situasjonen er uvanleg er ikkje Nahwa den einaste eksklaven i verda som er omgjeve av ein annan enklave. Somme eksklavar i det nederlandske Baarle-Nassau ligg i dei belgiske enklavane Baarle-Hertog.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nahwa» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2016.


