Emiratet Sharjah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 25°26′N 55°23′E
Emiratet Sharjah
إمارة الشارقةّ, Imārat al-Shāriqa
Emirat
none
flagg
Land Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 25°26′N 55°23′E
Hovudstad Sharjah
Areal 2 590 km²
Folketal 890 669 (2008)
Folketettleik 344 / km²
Emir Sultan bin Muhammed Al-Qasimi
MapEmirateSharjah.PNG
Wikimedia Commons: Emirate of Sharjah

Emiratet Sharjah (arabisk الشارقة Aš Šāriqah) er eit av emirata i Dei sameinte arabiske emirata. Emiratet dekkjer eit areal på 2 590 km² og har eit folketal på over 900 000 innbyggjarar.[1] Emiratet Sharjah består av hovudstaden Sharjah, som han er kalla opp etter, og mindre byar og eksklavar som Kalba, Dibba Al-Hisn og Khor Fakkan.

Emiratet er eit konstitusjonelt monarki.[2] Det har vore styrt av Sultan bin Mohamed Al-Qasimi sidan 1972.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldre bustadområde i Sharjah med lokal arkitektur.

Ein har gjort mange funn av tidlege busetnader, som økser og steinreiskap frå bronse- og jernalderen, i Al Dhaid, Madam og Faya.[3] Historisk sett var emiratet ein av dei rikaste byane i regionen.[4]

Kring 1727 tok Al Qasimi-klanen kontroll over Sharjah og erklærte eininga sjølvstendig.

Den første av ei lang rekkje trefningar til sjøs mellom fartøya til Al Qasimi og britiske fartøy, fann stad i 1797, då det britiske «Bassein Snow» vart kapra og sleppt laus att to dagar seinare. Jageren «Viper» vart så angripen utafor Bushire. Ein periode med stor ustabilitet følgde så langs kysten, med mange trefningar mellom britane og Al Qasimi i tillegg til at leiarskapet og lojaliteten mellom herskarane i Ras Al Khaimah, Ajman og Sharjah stadig endra seg. Sjeik Sultan bin Saqr Al Qasimi hevda suverenitet «over alle Joasmee-hamnene» i 1823, eit krav som vart anerkjend av britane på den tida.

Den 8. januar 1820, signerte sjeik Sultan bin Saqr Al Qasimi ein maritim avtale med britane, og aksepterte ein protektoratstatus for å halde dei osmanske tyrkarane på avstand. Etter avtalen gjekk ut, signerte Sharjah og andre sjeikdøme i det som då vart kalla Den arabiske kysten, ein fredsavtale med britane som gav opphav til Traktatstatane.[5]

Som dei fire naboemirata Ajman, Dubai, Ras al-Khaimah og Umm al-Qaiwain, gjorde plasseringa langs handelsrutene til India emirata viktige nok til at dei blei rekna som ein saluttstat.

På 1800-talet og tidleg på 1900-talet var perledykking den viktigaste næringa i Sharjah. Ei britisk undersøking i 1830 nemnte tre til fire hundre båtar som fiska etter perler i sesongen.[6]

I 1932 oppretta Imperial Airways ei fast flyrute via Sharjah, som var eit stopp over natta langs den austlege flyruta. Al Mahatta Fort vart bygd for å huse passasjerane til flyselskapet.

Den 2. desember 1971, vart Sharjah under sjeik Khalid bin Muhammed Al Qasimi (sjeik Khalid) ein del av Dei sameinte arabiske emirata.[7] Den 24. januar 1972 iverksette den tidlegare sjeik Saqr eit venstreorientert kupp. Sjeik Khalid hadde tidlegare avsettt Saqr og sjeik Khalid hadde gjeve ordre om å øydeleggje Sharjah fort (Al Hisn Sharjah). Saqr tok over palasset til Khalid, heldt han i husarrest og i det påfølgjande uordenen som oppstod, vart sjeik Khalid drepen. Saqr vart arrestert og bror til Khalid, Sultan bin Muhammed Al-Qasimi, ein forfattar og historikar, kom til makta.[8]

I 1987 iverksette broren til sultanen, Abdulaziz, eit kupp, medan sultanen var utanlands. Stor nasjonal gjeld var oppgjeve som årsaka. President Zaeyed i emirata fordømde kuppet og kom til ein avtale om å få Sultan sett inn att, medan Abdulaziz skulle bli nestleiar. Sultan viste Abdulaziz bort kort tid etter. I 1999 døydde kronprinsen (den eldste sonen til sultanen) av ein overdose då han varp å ferie i England. Sultanen valte å vitne i retten i Storbritannia.

Regentar[endre | endre wikiteksten]

Regjeringstid Fødd Død Namn Merknad
1727 c. - 1777 sjeik Rashid bin Matar bin Rahma Al Qasimi
1777–1803 sjeik Saqr I bin Rashid Al Qasimi
1803–1840 1866 sjeik Sultan I bin Saqr Al Qasimi 1. gong
1840 sjeik Saqr bin Sultan Al Qasimi
1840–1866 1866 sjeik Sultan I bin Saqr Al Qasimi 2. gong
1866 - 1868 (14. april) 1886 sjeik Khalid I bin Sultan Al Qasimi
1868 (14. april) - 1883 (mars)

1869-1983 i lag med nestleiaren || || 1919 || sjeik Salim bin Sultan Al Qasimi ||

1869–1871 sjeik Ibrahim bin Sultan Al Qasimi
1883 (mars) - 1914 1914 sjeik Saqr II bin Khalid Al Qasimi
1914 (13. april) - 1924 (21. november) sjeik Khalid II bin Ahmad Al Qasimi
1924 (21. november) - 1951 1951 sjeik Sultan II bin Saqr Al Qasimi
1951 - 1951 (mai) sjeik Muhammed bin Saqr Al Qasimi
1951 (mai) - 1965 (24. juni) 1925 1993 sjeik Saqr III bin Sultan Al Qasimi
1965 (24. juni) - 1972 (24. januar) 1931 1972 sjeik Khalid III bin Muhammed Al Qasimi
1972 (25. januar) - 1972 sjeik Saqr bin Muhammed Al Qasimi Fungerande
1972 - 1987 (17. juni) 1939 sjeik Dr. Sultan III bin Muhammed Al Qasimi 1. gong
1987 (17. juni) - 1987 (23. juni) 1937 2004 sjeik `Abd al-`Aziz bin Muhammed Al Qasimi
1987 (23. juni) - present 1939 sjeik Dr. Sultan III bin Muhammed Al Qasimi 2. gong[9]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sharjah Buhairah Corniche.jpg

Sharjah er det tredje største emiratet i Dei sameinte arabiske emirata, og er det einate som har landområde både ved Persiabukta og Omanbukta. Emiratet dekkjer 2 590 km², som utgjer 3,3 % av det samla arealet til Emirata, utanom øyane. Det har eit folketal på over 900 000.[1]

Emiratet Sharjah består av byen Sharjah (setet i emiratet), og andre mindre byar og enklavar. Byen Sharjah, som ligg ved Persiabukta, hadde i 2003 519 000 innbyggjarar.

Sharjah by grensar til Dubai i sør og Ajman i nord og dei tre dannar eit storbyområde.

Stranda i Khor Fakkan

Byen ligg kring 170 km frå hovudstaden i landet, Abu Dhabi.

Sharjah har òg tre enklavar på austkysten, ved Omanbukta. Desse er Kalba, Dibba Al-Hisn og Khor Fakkan, som gjer at Sharjah har ei stor hamn i aust. I Persiabukta høyrer øya Sir Abu Nu’ayr til Sharjah,[1] og Abu Musa vert gjort krav på av Emirata, men vert kontrollert av Iran. Sharjah har ein eksklave med landsbyen Nahwa, som ligg inne i den omanske enklaven Madha, som grensar til Fujairah og Sharjah.

Sharjah har òg nokre viktige oaseområde, som den fruktbare Dhaid-regionen, der det vert dyrka frukt og grønsaker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Sharjah offers demand for property investment, says Cluttons, Overseas Property Professional, August 2011, http://www.opp.org.uk/news-article.php?id=5453, henta 2012-05-11 
  2. http://www.sheikhdrsultan.ae/portal/en/home.aspx
  3. «Another ancient Sharjah site found by archaeologists | The National». http://www.thenational.ae/uae/heritage/another-ancient-sharjah-site-found-by-archaeologists. Henta 7. juni 2016. 
  4. Lorimer, John (1908). Gazeteer of Persiabukta, Oman and Central Arabia. Bombay: Government of India. s. 1451. 
  5. Schofield, R (1990). Islands and Maritime Boundaries of the Gulf 1798–1960 Vol 1. UK: Archive Editions. s. 139. ISBN 978-1-85207-275-9. 
  6. Schofield, R (1990). Islands and Maritime Boundaries of the Gulf 1798–1960. UK: Archive Editions. s. 544. ISBN 978-1-85207-275-9. 
  7. «Radical Sheik», New York Times: E4, January 30, 1972 
  8. Jessup, John E. (1998). An encyclopedic dictionary of conflict and conflict resolution, 1945-1996. Greenwood Press. s. 773. ISBN 9780313281129. 
  9. Sharjah, 40 Years of the UAE, http://halcrow.com/40years.ae/?page_id=160, henta 2012-05-11 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Sharjah frå Wikivoyage