Corniche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cornichen ved Monaco-Monte Carlo i 1906.
Beirut Corniche.
Corniche du Président John F. Kennedy i Marseille.

Corniche er eit opphavleg fransk ord for ein veg som går langsmed ei klippe eller fjellside, der grunne stig på den eine sida av vegen og fell på den andre. Men omgrepet vert òg nytta om vegar som går langs eit hav eller eit vassdrag. Etter denne skildringa har Noreg mange slike vegar, men ordet er, med få unntak, ikkje i bruk utanom den frankofone verda og Det nære austen.

Ordet kjem frå det franske route à corniche eller route en corniche.

Kjende cornicher[endre | endre wikiteksten]

Dei tre cornichane ved den austlege franske rivieraen[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei mest namngjetne[1][2] er corniche-vegane langs den franske rivieraen, i traktene rundt Nice og Monaco. Dei er tre i alt:

  • La Grande Corniche (Den store cornichen) – 31 kilometer lang, bygd av Napoleon I langs den tidlegare Via Aurelia. Oppom Monaco stig han nokre stader til 450 meter over havet.
  • La Moyenne Corniche (Mellomcornichen) – 33 kilometer lang, strekkjer seg frå Menton til Nice, går mellom anna på 150 meter over havet.
  • La Corniche Inférieure (Den nedre corniche) – 31 kilometer lang, bygd av fyrsten i Monaco. Han er kystvegen som går dei forskjellige kystbyane i denne delen av Rivieraen.

Andre kjende cornicher i Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Cornicher utanfor Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Fleire byar og stader er kjende for sine cornicher (i arabisktalande land: ‏ورنيش‎):

Langs Middelhavet[endre | endre wikiteksten]

Langs Nilen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Parcourez la plus prestigieuse route de France". chevrolet.fr. Lest 27. desember 2015.
  2. " Flottans glada gossar (1954) - Pressreaktion". Svensk Filmdatabas. Lest 27. dedember 2015.