Alain Resnais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alain Resnais

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 3. juni 1922
Vannes
Død

1. mars 2014 (91 år)
Brussel, Neuilly-sur-Seine

Yrke filmregissør, manusforfattar, filmklyppar, filmfotograf, skodespelar, filmprodusent, regissør
Språk fransk
Religion ateisme
Ektefelle Florence Malraux, Sabine Azéma
Alain Resnais på Commons
Juliette Binoche og Alain Resnais fotografert under utdelinga av César-prisen 28. februar 1998.

Alain Resnais, med fullt namn Alain Pierre Marie Jean Georges Resnais (3. juni 19221. mars 2014), var ein fransk filminstruktør (regissør). Han var fødd i Vannes (Morbihan) og døydde i Paris.

Frå slutten av 1940-talet byrja han å lage dokumentarfilmar og kortfilmar som vart lagt merke til hjå publikum og kritikarane, som filmane Van Gogh, Guernica og særleg Nuit et brouillard («Natt og skodde»), den fyrste filmen med referanse til konsentrasjonsleirane under den andre verdskrigen.

Deretter laga han mange kjende spelefilmar. Særleg dei tidlege av filmane kan knytast til retninga Nouvelle Vague, «Den nye bølgja», som var ei rørsle mellom dei filminstruktørane (iscenesetjarane) i fransk film som lagde sine fyrste filmar frå slutten av 1950-talet. Dei mest namngjetne mellom dei var François Truffaut, Jean-Luc Godard, Claude Chabrol, Éric Rohmer, Jacques Rivette.

Etter filmane Hiroshima mon amour frå 1959 og L'Année dernière à Marienbad frå 1961 vart Alain Resnais rekna som ein av dei fremste representantane for moderniteten i europeiske film, saman med Roberto Rossellini, Ingmar Bergman og Michelangelo Antonioni. Han brøyt opp den klassiske lineære framstillinga etter mønster av filmar som desse òg hadde vorte kjende for.

Alain Resnais var aktiv som filminstruktør fram til han døydde i ein alder av 91 år. Den siste filmen hans var Aimer, boire et chanter («Elske, drikke og synge»), som hadde premiere i Frankrike 26. mars 2014.

Utvalde filmar med norsk tittel[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]