Alain Resnais
Alain Resnais | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 3. juni 1922 Vannes |
Død |
1. mars 2014 (91 år) |
Yrke | filmregissør, manusforfattar, filmklyppar, filmfotograf, skodespelar, filmprodusent, regissør |
Språk | fransk |
Religion | ateisme |
Ektefelle | Florence Malraux, Sabine Azéma |
Alain Resnais på Commons |
Alain Resnais, med fullt namn Alain Pierre Marie Jean Georges Resnais (3. juni 1922–1. mars 2014), var ein fransk filminstruktør (regissør). Han var fødd i Vannes (Morbihan) og døydde i Paris.
Frå slutten av 1940-talet byrja han å lage dokumentarfilmar og kortfilmar som vart lagt merke til hjå publikum og kritikarane, som filmane Van Gogh, Guernica og særleg Nuit et brouillard («Natt og skodde»), den fyrste filmen med referanse til konsentrasjonsleirane under den andre verdskrigen.
Deretter laga han mange kjende spelefilmar. Særleg dei tidlege av filmane kan knytast til retninga Nouvelle Vague, «Den nye bølgja», som var ei rørsle mellom dei filminstruktørane (iscenesetjarane) i fransk film som lagde sine fyrste filmar frå slutten av 1950-talet. Dei mest namngjetne mellom dei var François Truffaut, Jean-Luc Godard, Claude Chabrol, Éric Rohmer, Jacques Rivette.
Etter filmane Hiroshima mon amour frå 1959 og L'Année dernière à Marienbad frå 1961 vart Alain Resnais rekna som ein av dei fremste representantane for moderniteten i europeiske film, saman med Roberto Rossellini, Ingmar Bergman og Michelangelo Antonioni. Han brøyt opp den klassiske lineære framstillinga etter mønster av filmar som desse òg hadde vorte kjende for.
Alain Resnais var aktiv som filminstruktør fram til han døydde i ein alder av 91 år. Den siste filmen hans var Aimer, boire et chanter («Elske, drikke og synge»), som hadde premiere i Frankrike 26. mars 2014.
Utvalde filmar med norsk tittel
[endre | endre wikiteksten]- Natt og tåke (dokumentarkortfilm, 1955)
- Hiroshima, min elskede (1959)
- I fjor i Marienbad (1961)
- Muriel (1963)
- Krigen er slutt (1966)
- Elsker deg, elsker deg (1968)
- Stavisky... (1974)
- Providence (1977)
- Min onkel fra Amerika (1980)
- Livet er en roman (1983)
- Kjærligheten til døden (1984)
- Smoking/No Smoking (1993)
- En velkjent melodi (1997)
- Åpne hjerter (2006)