Alaskayupik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alaska-yupik
(yupik)
Bruk
Tala i: USA
Alaska-yupiktalande i alt: ca 10 000
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2: ypk
ISO 639-3: esu

Alaskayupik (også kalla yupik, yup'ik, or sentralyup'ik) er eit yupikspråk i den eskimoisk-aleutiske språkfamilien. Språket blir snakka i dei vestlege og sørvestlege delane av Alaska. Både målt etter talarar og etter medlemer i den etniske gruppa er alaskayupik det største språket snakka av urfolk i Alaska. Omtrent 10000 av dei omtrent 21000 sentralalaskiske yupikane snakkar språket. Yupik er førstespråk for ungane i ca. 17 av dei 68 yupiklandsbyane.

Alaskayupik har fem hovuddialektar:

  • Vanleg sentralyupik
  • Norton Sound-yupik
  • Hooper Bay-Chevak-cupik
  • Nunivak-cupik
  • Egegik-yupik

Ortografi[endre | endre wikiteksten]

Alaska Native Language Center har laga ein praktisk ortografi.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

bilabial alveolar post-
alveolar
lateral velar uvular
nasal m /m/, ḿ /m̥/ n /n/, ń /n̥/ ng /ŋ/, ńg /ŋ̊/
plosiv p /p/ t /t/ c /tʃ/ k /k/ q /q/
frikativ vv /f/, v /v/ ss /s/, s /z/ ll /ɬ/, l /l/* y /j/* gg /x/, g /ɣ/
w /xʷ/, ug /ɣʷ/
rr /χ/, r /ʁ/
urr /χʷ/, ur /ʁʷ/

* L og y er ikkje frikativar, fonetisk sett, men l oppfører seg som (dei andre) frikativane i systemet. y oppfører seg som ein frikativ i dei andre eskimoskpråka.

Frikativar (og l) blir ustemt rett før og etter ein plosiv.

Geminate (lange) konsonantar blir ikkje skrive med dobbel konsonant, slik dei t.d. blir i grønlandsk, men med einsom i namnet Yup’ik. Dette blir skrive med dobbel p i grønlandsk,. juppik.

Yup'ik har tre vokalar, a i u, som også kan vere lang, aa ii uu, pluss ein schwa /ə/ skrive e. Vokalane i u blir senka til [e o] framfor ein uvular konsonant q eller r eller framfor bakre a. Til skilnad frå grønlandsk blir ikkje dei senka variantane skrive med e eller o.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jacobson, Steven A. 1998: Yup'ik dialect atlas and study. Alaska Native Language Center, University of Alaska Fairbanks
  • Jacobson, Steven A. 2001: A practical grammar of the St. Lawrence Island/Siberian Yupik Eskimo language . Fairbanks, Alaska : Alaska Native Language Center, College of Liberal Arts, University of Alaska
  • Krauss, Michael E. (red.) 1985: Yupik Eskimo prosodic systems : descriptive and comparative studies / edited by Michael Krauss. Alaska Native Language Center research papers no. 7. Fairbanks, Alaska : Alaska Native Language Center, University of Alaska
  • Reed, Irene 1977: Yup'ik Eskimo grammar Alaska Native Language Center, University of Alaska

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.