Albert Gleizes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albert Gleizes

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 8. desember 1881
Paris
Død

23. juni 1953 (71 år)
Avignon, Saint-Rémy-de-Provence

Yrke kunstmålar, grafikar, illustratør, filosof, skribent, teiknar, grafikar, kunstteoretiker, kunstkritikar
Sjanger portrettmåleri, landskapsmåleri
Medlem av Abbaye de Créteil
Ektefelle Juliette Roche
Albert Gleizes på Commons

Albert Gleizes (8. desember 188123. juni 1953) var ein fransk målar, forfattar og kunstteoretikar, fødd i Paris. Han vert rekna som ein føregangsmann for kubismen. Gleizes var systerson til målaren Léon Comerre.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gleizes var utdanna til teknisk teiknar. Etter fire år i den franske hæren byrja han i 1905 å livnære seg som målar. Han var stor sett sjølvlærd, var sterkast inspirert av kubisten Henri Le Fauconnier.

I 1911 fekk han stilt ut eigne verk på kunstutstillinga Salon d'Automne, same året var han med på å danne kunstnargruppa Section d'Or. For å fremje interessa for både sine eigne måleri og verka til dei andre i gruppa, skreiv han fleire bøker om kunst og kunsthistorie. Saman med Jean Metzinger forfatta han avhandlinga Du Cubisme i 1912 og nytta såleis, for fyrste gong, det verdifrie omgrepet «kubisme». Åra 1915-1919 budde han i New York, der han aktivt spreidde kunnskap om moderne, europeisk kunst.

Då Gleizes kom tilbake til Europa hadde kunstmiljøa i Frankrike endra seg. Nye stilretningar og kunstteoriar var i framvekst. Også Gleizes utvikla sine verk, men heldt i stort fast ved ei kubistisk grunnform. Han flytta frå Paris i 1926, likevel deltok han gjennom åra i kunstverda som ein aktiv skribent og målar. I 1927 grunnla han ei foreining som skulle styrke kunsthandverket, og i 1931 lét han seg engasjere av kunstrørsla Abstraction-Création. På verdsutstillinga 1937 i Paris fekk han stilt ut akvarellar.

Han døydde i Avignon sommaren 1953.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]