Jean Metzinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jean Metzinger
Jean Metzinger, photograph circa 1912.jpg
Fødd 24. juni 1883
Nantes
Død

3. november 1956
Paris

Sjanger Neoimpresjonisme

Jean Metzinger (25. juni 18833. november 1956) var ein fransk målar. Stilen hans utvikla seg frå neoimpresjonisme via fauvisme til analytisk kubisme.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Etter fullført studenteksamen i heimbyen Nantes, reiste Metzinger tjue år gammal til Paris for å studere medisin. Etter eit tid avslutta han medisinstudiet, satsa i staden på å verte kunstmålar. Han vart kjend med målaren Robert Delaunay og diktaren Max Jacob og kom slik inn i krinsen rundt Guillaume Apollinaire. Sidan møtte han målarane i Bateau Lavoir, mellom anna med Georges Braque, Pablo Picasso og Juan Gris.

Metzinger gjorde seg etterkvart tankar om biletet som medium, og gav i 1910 ut skriftet Merknader om måleriet. Same året stilte han ut av sine verk i Salon des Indépendants, der han året etter stilte ut i lag med Delaunay, Albert Gleizes og Fernand Léger.

Ideane sine vidareutvikla Metzinger saman med Albert Gleizes, og i 1912 kom avhandlinga Du Cubisme. Boka vakte stor merksemd. På same tid var med å stifte Section d'Or, også kjent som 'Puteauxgruppa'. Han deltok på talrike utstillingar, slik som på Salon d'Automne i 1911 og 1913, Galerie de la Boétie i Paris 1912, Der Sturm i Berlin i 1913, Berthe Weil i Paris 1913 og Montross Gallery i New York i 1916.

Han deltok i krigsteneste under første verdskrigen. Etterpå flytta han tilbake til Paris, der han stort sett budde resten av livet. Unnataket var ein periode i Bandol under andre verdskrigen. Han døydde i Paris, 75 år gammal.

Stilutvikling[endre | endre wikiteksten]

Metzinger var først oppteken av den neoimpresjonistiske målestilen, og laga mellom 1905 og -08 mosaikkliknande fargemønster. Desse var hans første kunstnariske høgdepunkt, og danna ein overgang til dei seinare kubistiske bileta. Verka syner stor sans for klar orden i bileta, noko som går fram av korleis han konstruerte bileta sine.

Etterkvart vart bileta meir geometriserte og avdekker kontakten til Braque, Picasso og Gris. Allereie i arbeida frå året 1910 finn ein trekk som fører mot den analytiske kubismen. Frå 1920-åra og framover fjerna han seg noko frå kubismen.

Som representant for ein «degenerert målestil» vart han erklært entartet av naziregimet i Tyskland i 1937.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]