Abstraction-Création

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Abstraction-Création var ein laus samanslutnad av kunstnarar i 1930-åra. Dei samla seg i Paris i 1931, og gav ut tidsskriftet Abstraction-création: Art non-figuratif mellom 1932 og 1936. Dei balte med geometrisk abstraksjon og konstruktivisme, og hadde utstillingar med abstrakt kunst fleire stader i Europa.

Gruppa ville utgjera ei motvekt mot påverknaden til André Breton og den dominerande surrealismen. Dei som skipa foreininga var Auguste Herbin, Jean Hélion og Georges Vantongerloo. Dei ønskte å støtta abstrakt kunt etter at trenden snudde mot representativ kunst i 1920-åra.[1]

Dei fekk støtte frå fleire kantar og av så ulike interesser og kunstnarar som Piet Mondrian, Jean Arp, Marlow Moss, Naum Gabo, Barbara Hepworth, Ben Nicholson, Kurt Schwitters, Vasilij Kandinskij, Taro Okamoto, Paule Vezelay, Bart van der Leck, Leon Tutundjian, John Wardell Power og Mary Cassatt.[2]

Fem Cahiers eller årbøker med tittelen Abstraction-création: Art non-figuratif blei gjevne ut frå 1932 til 1936. Desse blei gjenopptrykte av Arno Press i New York i 1968.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gruppe Abstraction-Création». Kettererkunst.com. 15. februar 1931. Arkivert frå originalen 2012-05-15. Henta 19. januar 2012. 
  2. «Glossary | Abstraction-Création». Tate. Henta 19. januar 2012. 

Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:

  • West, Shearer (1996). The Bullfinch Guide to Art. UK: Bloomsbury Publishing Plc. ISBN 0-8212-2137-X.