Alberto García Aspe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alberto García Aspe
Personleg informasjon
Fullt namn Alberto García Aspe Mena
Fødd 11. mai 1967 (53 år)
Fødestad Mexico by i Mexico
Høgd 169 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1984–1991
1991–1997
1995
1997–1999
1999–2002
UNAM Pumas
Necaxa
River Plate (lån)
América
Puebla
180 (40)
185 (69)
5 (0)
66 (11)
97 (29)
Totalt 533 (149)
Landslag
1988–2002 Mexico 109 (21)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Alberto García Aspe Mena (fødd 11. mai 1967 i Mexico by) er ein meksikansk pensjonert fotballspelar som spelte på midtbanen. García Aspe hadde det meste av karrieren i heimlandet, der han mellom anna representerte UNAM Pumas og Necaxa. Med både Pumas og Necaxa var han med om å vinne det meksikanske meisterskapen. Han spelte òg på leiebasis, for River Plate i den argentinske ligaen.

García Aspe nådde over ein periode på 14 år å spele hele 109 kampar for Mexico og skåra 21 mål. Den fyrste landskampen hans var ein privatkamp mot Honduras den 26. april 1988, medan den siste opptredenen hans var i VM-åttedelsfinalen mot USA den 17. juni 2002. Han representerte sitt land ved ein rekke internasjonale sluttspel inkludert VM i USA i 1994, VM i Frankrike 1998 og VM 2002 i Sør-Korea og Japan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]