Carlos Hermosillo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carlos Hermosillo
Personleg informasjon
Fullt namn Carlos Manuel Hermosillo García
Fødd 24. august 1964 (59 år)
Fødestad Cerro Azul i Mexico
Høgd 188 cm
Posisjon Angrep
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1983–1990
1990
1990–1991
1991–1998
1998
1998–1999
1999–2000
2000
2001
América
Standard Liège
Monterrey
Cruz Azul
Necaxa
Los Angeles Galaxy
América
Atlante
Chivas Guadalajara
152 (73)
5 (1)
35 (20)
215 (153)
20 (11)
20 (11)
18 (5)
16 (8)
15 (7)
34 (7)
Landslag
1984–1997 Mexico 90 (35)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Carlos Manuel Hermosillo García (fødd 24. august 1964 i Cerro Azul) er ein mexicansk pensjonert fotballspelar som spelte i angrep. Hermosillo tilbrakte størstedelen av karrieren sin i den heimelege ligaen, der han spelte fleire sesongar for hovudstadsklubbane Club América og Cruz Azul. Han var òg utanlandsproff for Standard Liège i Belgia og Los Angeles Galaxy i USA.

Hermosillo nådde over ein periode på 13 år å spele 90 kampar for Mexico og skåra 35 mål. Den fyrste landskampen hans var mot El Salvador den 11. oktober 1984, medan hans siste fant stad under ein bortekamp i VM-kvalifiseringa mot Jamaica den 16. oktober 1997.

Han var ein del av det mexicanske laget som nådde kvartfinalen under VM i 1986 på heimebane, men kom ikkje på bana i turneringa. Det gjorde han til gjengjeld under VM i 1994 der spelte han to kampar for mexicanarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]