Ramón Ramírez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ramón Ramírez
Personleg informasjon
Fullt namn Jesús Ramón Ramírez Ceceña
Fødd 5. desember 1969 (54 år)
Fødestad Tepic i Mexico
Høgd 173 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1988–1990
1990–1994
1994–1998
1999
1999–2001
2002–2004
2005–2007
Tepic
Santos Laguna
Chivas Guadalajara
América
Tigres
Chivas Guadalajara
Chivas USA
97 (12)
99 (12)
151 (21)
151 (21)
18 (3)
56 (1)
82 (6)
31 (2)
Totalt 431 (44)
Landslag
1991-2000 Mexico 121 (15)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Jesús Ramón Ramírez Ceceña (fødd 5. desember 1969 i Tepic) er ein meksikansk pensjonert fotballspelar som spelte på midtbanen. Ramírez halde til mest av sin karriere i heimlandet, der han mellom anna representerte Chivas Guadaljara, Tigres og América. Hjå Chivas var han i 1997 med om å vinne det meksikanske meisterskapen. Han spelte òg for Chivas sin amerikanske systerklubb Chivas USA i MLS. 

Ramírez nådde over ein periode på ni år å spele heile 121 landskampar og skåra 15 mål for det meksikanske landslaget. Den fyrste landskampen hans var eit oppgjer mot Ungarn den 4. november 1991, medan den siste opptredenen hans kom på bortebane i ein VM-kvalifiseringskamp mot Canada.

Han representerte landet sitt ved ei rekkje internasjonale sluttspel, inkludert VM i fotball 1994 i USA og VM i 1998 i Frankrike. Han var òg med om å vinne Confederations Cup i 1999, og dertil tre utgåver av det nordamerikanske meisterskapen CONCACAF Gold Cup.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]