Hugo Sánchez
![]() | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Hugo Sánchez Márquez | ||
Fødd | 11. juli 1958 (66 år) | ||
Fødestad | Mexico by i Mexico | ||
Høgd | 175 cm | ||
Posisjon | Angrep | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1975-1981 1979–1980 1981–1985 1985–1992 1992–1993 1993–1994 1994–1995 1995–1996 1996 1996–1998 |
UNAM Pumas San Diego Sockers (lån) Atlético Madrid Real Madrid América Rayo Vallecano Atlante FC Linz Dallas Burn Atlético Celaya |
181 (96) 32 (26) 111 (54) 207 (164) 29 (2) 29 (16) 31 (13) 20 (6) 23 (6) 12 (2) | |
Landslag | |||
1977–1998 | Mexico | 75 (29) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Hugo Sánchez Márquez (fødd 11. juli 1958 i Mexico by) er ein meksikansk pensjonert fotballspelar, som spelte angripar hos ein serie amerikanske og europeiske klubber, mellom anna dei spanske erkerivalane Atlético Madrid og Real Madrid. Han representerte begg med stor suksess. I 2004 blei han utvald, som den einaste meksikanaren, til FIFA 100, ei kåring av dei 125 beste nolevande fotballspelarane gjennom historia.
Sánchez vann med Real Madrid heile fem spanske seriemeisterskap i rad frå 1986 til 1990, plus ein UEFA-cup tittel i 1986. I 1989 vann han med klubben Copa del Rey, som han òg hadde sikra med Atlético Madrid i 1985. Han vart dessutan to gonger meksikansk meister med UNAM Pumas. Heile fem gonger vart Sánchez toppskårar i La Liga. I 1990 vann han gullstøvelen for den beste spelaren i Europa.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Sánchez nådde under karrieren å spele heile 75 landskampar og skåra 29 mål for det meksikanske landslaget, som han representerte mellom 1977 og 1998. Han var ein del av den meksikanske troppen både til VM i 1978 i Argentina, VM i 1986 i Mexico og VM i 1994 i USA. Han var òg med om å vinne det nordamerikanske meisterskapet CONCACAF Gold Cup i 1977.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Hugo Sánchez» frå Wikipedia på bokmål, den 21. april 2020.
- National-football-teams