Aleksandr Glazunov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Glazunov
AlexanderGlazounov.jpg
Fødd10. august 1865
FødestadSt. Petersburg
Død21. mars 1936
DødsstadNeuilly-sur-Seine
FødenamnАлекса́ндр Константи́нович Глазуно́в, Aleksandr Konstantinovitsj Glazunov
OpphavDet russiske imperiet, Sovjetunionen
Sjangersymfoni
Verka somkomponist, koreograf, dirigent, pedagog, musikkforskar, musikkpedagog, universitetslærar, pianist
PrisarFolkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk

Aleksandr Konstantinovitsj Glazunov (10. august 186521. mars 1936)[a] var ein russisk komponist under romantikken. Han er rekna som den viktigaste russiske komponisten av symfonimusikk i generasjonen etter Tsjaikovskij.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Aleksandr Glazunov stamma frå ein velhavande familie og starta tidleg med musikk. Mor hans hadde lært å spela piano av Milij Balakirev, og tok han til same lærar.[1] Balakirev oppmoda han i 1880 om å studere privat hos Nikolaj Rimskij-Korsakov som blei imponert over det store talentet til eleven sin. Glazunov fekk i 1882 eit gjennombrot med den første symfonien sin. I 1899 fekk han eit professorat i instrumentering ved konservatoriet i Petersburg og i 1905 overtok han leiinga av institusjonen, og beheldt posisjonen til 1930. På grunn av arbeidsbelastninga blei det mindre tid til å komponere. Han oppdaga ei rekke store talent og arbeidde utrøytteleg for studentane. I 1928 forlét Glazunov Sovjetunionen. Han til Wien for å sitte i juryen under ei Franz Schubert-tevling. I 1929 og 1930 turnerte han i USA. Deretter slo han seg ned i Paris og blei der til han døydde.[1]

Stil[endre | endre wikiteksten]

Glazunov sameina nasjonale russiske trekk med trekk henta frå Pjotr Tsjajkovskij sin musikk. Ein kan finne tendens til tydelege folkesongliknande tema, orientalsk harmonikk og fri metrikk. Tvert imot Dei Fem sitt program er musikken til Glazunov prega av eit meisterleg musikkhandverk og ein suverén komposisjonsteknikk: han var ein briljant orkestrator, ein finslipa kontrapunktikar og ein meister innan formgjeving. Samtidig syner Glazunov i musikken sin ein særs positiv grunnstemning med hang til patos og heroiske gestar.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fødselsdato i den julianske kalenderen 29. juli

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Aleksandr Glazunov | Russian composer», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 26. juni 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]