Aleksandr Khalifman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Khalifman

Statsborgarskap Russland
Fødd 18. januar 1966 (58 år)
St. Petersburg
Yrke sjakkspelar, skribent
Språk russisk
Aleksandr Khalifman på Commons

Aleksandr Valerjevitsj Khalifman (fødd 18. januar 1966) i Leningrad er ein sovjetisk og russisk sjakkspelar, Stormeister i sjakk og FIDE-Verdsmeister av jødisk avstamming[1]

Khalifman lærte å spele sjakk av far sin då han var 6 år gammal.

Stormeister i sjakk[endre | endre wikiteksten]

Han oppnådde stormeister-tittelen i sjakk i 1990 etter mellom anna å ha vunne New York Open 1990 framom mange sterke spelarar.

Verdsmeister i sjakk 1999[endre | endre wikiteksten]

Khalifman gjorde sin livs prestasjon ved å vinne FIDE-VM i sjakk 1999 i Las Vegas. Han beheldt tittelen FIDE-verdsmeister i sjakk til neste VM, VM i sjakk 2000.

Då Khalifman vann verdsmeisterskapen var han rangert som nr. 44 i verda etter FIDE sitt FIDE-ratingsystem.[2]. Dette vart samanlikna med den «klassiske» verdsmeisteren i sjakk, Garri Kasparov, som på same tid var nr. 1 etter rating. Khalifman sa etter turneringa: «Ratingsystemet verkar perfekt for spelarar som deltar berre i lukka turneringar alle mot alle. Eg trur dei fleste av dei er overrata. Organisatorane inviterar dei same spelarane om og om igjen fordi dei har høg rating og det bidrar til at ratingen deira held seg høg.»[3] Kanskje som eit svar på dette vart Khalifman invitert til den neste superturneringa i Linares. Der klarte han seg bra, men kom etter Kasparov som delte førsteplassen.[4]

Khalifman nådde sitt høgaste FIDE-ratingtal 1. oktober 2001 med 2702.

Turneringsresultat[endre | endre wikiteksten]

Khalifman vann Juniormeisterskapen for Sovjetunionen for 1982,[5] og for 1984,[6]

Han vann vidare Moskva-meisterskapen 1985 og 1987, turneringa i Groningen 1990, Ter Apel 1993, Eupen Chess Open 1994, St. Petersburg Open 1995, Den russiske meisterskapen 1996, St. Petersburg 1997, Aarhus 1997, VM for landslag i Luzern 1997, Bad Wiessee 1998, Corus 2000 og sjakk-OL 2000.

Sjakktrenar[endre | endre wikiteksten]

Saman med trenaren sin, Genadij Nesis, driv han eit sjakkakademi i St. Petersburg, kalla «The Grandmaster Chess School». Der trenar han spelarar frå heile verda etter mottoet: «sjakk = intellekt + karakter».

Minneverdige parti[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Russian Jewish Encyclopedia». JewishGen.org. Henta 25. juni 2009. 
  2. Crowther, Mark (5. juli 1999). «The Week in Chess: FIDE July Rating list». London Chess Center. Arkivert frå originalen 25. september 2009. Henta 25. juni 2009. 
  3. Luchan, Jason; Aird, Ian. «Las Vegas World Championship, July 30 - August 29, 1999». ChessScotland.com. Arkivert frå originalen 7. september 2009. Henta 25. juni 2009. 
  4. «The Week in Chess 273 - 13 March 2000». Arkivert frå originalen 26. september 2007. Henta 26. april 2010. 
  5. «31st USSR Junior Chess Championship, Yurmala, January 4-17, 1982». RusBase. Henta 31. juli 2009. 
  6. «33rd USSR Junior Chess Championship, Kirovabad, January 1984». RusBase. Henta 31. juli 2009. 

.