Aleksandr Litvinenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Litvinenko
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland, Storbritannia
Fødd 4. desember 1962
Voronezj
Død

23. november 2006 (43 år)
University College Hospital, London

Yrke skribent, militær, spion
Språk russisk
Religion Islam
Ektefelle Marina Litvinenko
Aleksandr Litvinenko på Commons

Aleksandr Valterovitsj Litvinenko (4. desember 196223. november 2006) var ein russisk tidlegare tilsett i den russiske tryggingstenesta FSB og seinare systemkritikar busett i Storbritannia. Han er kjend for å ha blitt forgifta med ein dødeleg dose radioaktivt polonium.

Litvinenko hoppa av til Storbritannia i 2000, der han fekk politisk asyl. Han blei britisk statsborgar i oktober 2006. Han markerte seg som ein skarp kritikar av presidenten i Russland, Vladimir Putin, og av FSB, som han kalla ein røvarorganisasjon. I boka Blowing up Russia frå 2002 skulda han tryggingstenesta for å ha sprengt fleire bustadblokker.

Forgifting[endre | endre wikiteksten]

Avisa The Sunday Times rapporterte 19. november 2006 at Litvinenko var blitt forgifta og kjempa for livet på eit sjukehus i London med store mengder av tungmetallet thallium i kroppen. Seinare kom det fram at han blei forgifta av polonium-210.

Før han døydde skreiv Litvinenko eit brev der han skulda Russland sin president Vladimir Putin for å ha gitt ordre om å forgifte han.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.