Aleksandr Ostrovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Ostrovskij

Portrett av A. N. Ostrovskij av Vasilij Perov.
Fødenamn russisk Александр Николаевич Островский
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 31. mars 1823
Moskva
Død

2. juni 1886 (63 år)
Sjtsjelykovo

Yrke omsetjar, librettist, skodespelforfattar, journalist, skribent, sceneinstruktør
Sjanger komedie
Medlem av Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Aleksandr Ostrovskij på Commons

Aleksandr Nikolajevitsj Ostrovskij (31. mars 18232. juni 1886) var ein russisk dramatikar. Han er rekna som grunnleggjaren av det russiske dramaet i verdslitteraturen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ostrovskij var son av ein advokat ved handelsretten i Moskva og blei sjølv tilsett der. Etter avbrotne universitetsstudium fekk han ei underordna stilling ved handelsdomstolen i Moskva, og fekk her intim kjennskap til forretningslivet og mennesketypar. Han brukte bilete frå dette miljøet i det vesle debutverket sitt Kartina semejnogo stjastja ('Eit bilete av familielukke', 1847). Dei realistiske tilnærmingane blei fullendte i ei rekkje folkelivsskildrande komediar.

Mest kjend er Svoi ljudi sotsjtjomsia ('Slektningar imellom kjem vi overeins', 1850), Ne v svoj sani ne sadis ('Set deg ikkje i ein annan slede' - tilsvarande «skomakar, bli ved din lest», 1853, Ostrovskijs første skodespel til å bli oppført), Bednost ne porok ('Fattigdom er inga skam', 1854). I Gorza ('Storm', 1860) blir folkelivsskildringa og samfunnskritikken fordjupa til ein gripande tragedie.

På 1860-talet vende seg Ostrovskij frå samtidskildringa og skreiv historiske krønikespel, framfor alt bojardramaet Vasilisa Melentjeva (1868) men vende snart tilbake til dei tidlegare motiva sine. Det beste blant den seinare rike produksjonen hans er Besjenyje dengi ('Galne pengar', 1870), Les ('Skogen', 1871; dansk omsetjing Paa Herregaarden av Thor Lange 1904) og Volki i ovtsi ('Ulvar og sauer', 1875).

Under det liberale styret til Aleksander II fekk Ostrovskij ei god stilling og statspensjon. I 1885 blei han leiar for det keisarlege teateret i Moskva. Dramatikken til Ostrovskij er kjenneteikna av ein tung, episk teknikk, som gjennom sikker miljø- og typeskildring likevel blir svært effektfull. I seinare tid kom skodespela hans til å tena som regiunderlag for mellom anna Sergej Eisenstein.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

På norsк
  • En slyngels dagbok - skrevet av ham selv. Komedie. Omsett av Odd Bang-Hansen, medverkande Claes Hoogland. Sendt av Norsk rikskringkasting 8. februar 1955
  • Еin skøyars dagbok : komedie i fem akter. Omsett av Geir Kjetsaa. Oslo: Solum, 1985
På svensk
  • Belougins giftermål: komedi i 5 akter (anonym omsetjing?, Helsingfors, 1883)
  • Ovädret: drama i sex scener (oms. Nils Åke Nilsson, radiobearbeiding Olof Molander, Radiotjänst, 1946) (Groza)
  • Skogen: komedi (utrykt oms. av Ellen Rydelius for Scebstudion 1950-tal?) (Les)
  • En skojares dagbok (utrykt oms. av Astrid Baecklund och Herbert Grevenius for Folkets parkers centralstyrelse 1957)
  • Ovädret (utrykt oms. av Jan Håkansson 1964?) (Groza)
  • Konkurs: komedi i fyra akter (utrykt oms. av Staffan Skott for Helsingborgs stadsteater 1987) (Bankrut)
  • Skogen (utrykt oms. av Kristina Rotkirch, bearbetning Joakim Groth för Kungliga Dramatiska teatern 2001) (Les)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 20, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 1018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aleksandr Ostrovskij