Sergej Eisenstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fil:Sergei Eisenstein 01.jpg
Sergej Eisenstein

Sergej Eisenstein (23. januar 189811. februar 1948) russ. Сергей Михайлович Эйзенштейн, Sergej Mikhajlovitsj Ejzensjtejn var ein russisk filmregissør fødd i Riga, i dagens Latvia. Han er mest kjend for dei nyskapande filmane Pansarkryssaren Potemkin og Oktober.

Nyskaping[endre | endre wikiteksten]

Eisenstein var ein pionér når det gjeld redigering, og til forskjell frå samtidige regissørar meinte han at ein kunne framskaffa kjensler hjå publikum med den rette redigeringa av filmen. Bøkene hans om temaet har hatt innflyting på fleire store regissørar.

Stumfilmane Pansarkryssaren Potemkin og Oktober, som båe er basert på sanne historier og presentert på ein «realistisk» måte, har hatt stor innverknad på tidlege regissørar av dokumentarfilmar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Sergelj Eisenstein var fødd i Riga med jødisk-tyskbaltisk far og russisk mor. Han vart gripen av den russiske revolusjonen i 1917, og melde seg friviljug til den raude arméen i 1918.

Eisenstein var ein populær filmregissør i Sovjetunionen. Ei reise til Europa og Hollywood, der han ikkje lukkast som regissør, gjorde at han etter kvart vart sett på med mistru av Josef Stalin og kommunistpartiet.

Han døydde i Moskva der han er gravlagd på Novodevitsjijgravstaden.

Nokre utvalde filmar[endre | endre wikiteksten]