Hopp til innhald

Alessandro Cattelan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alessandro Cattelan

Fødd11. mai 1980 (46 år)
FødestadTortona
Aktive år2003
Verka somprogramleiar, skribent, radioprogramleiar, fotballspelar, VJ, dubbar, arrangementvert

Alessandro Cattelan (fødd 11. mai 1980 i Tortona) er ein italiensk tv-programleiar og mediepersonlegdom. Han har leia ei rekkje tv-program gjennom 2000-tallet, blant anna den italienske versjonen av Total Request Live på MTV Italia, og Le Iene på fjernsynskanalen Italia 1. Han var også programleiar for italienske X Factor frå 2011 til 2020. I 2022 var han aktuell med Netflix-serien Alessandro Cattelan: Spørsmålet og som programleiar for Eurovision Song Contest 2022 saman med musikarane Laura Pausini og Mika.[1][2]

Cattelan vart fødd og vaks opp i kommunen Tortona i provinsen Alessandria, medan foreldra hans opphavleg er frå San Donà di Piave i Venezia.[3] Allereie som sjuåring i 1987 dukka han opp på fjernsynet, som jurymedlem i den internasjonale barnesongtevlinga Zecchino d’OroRai 1.

Fjernsynskarriere

[endre | endre wikiteksten]

I 2001 debuterte Cattean som programleiar for sendinga Viv.it på musikkanalen VIVA, og i 2003 leia han barneprogrammet Ziggie på fjernsynskanalen Italia 1.[4] Sommaren 2004 debuterte han på MTV Italia, som programleiar for Most Wanted, eit interaktivt musikkprogram der sjåarane kunne ringe inn og delta. Sommaren etter drog han saman med VJ-en Giorgia Surina til USA for å vere vertskap for sommarprogrammet Viva Las Vegas. Seinare i 2005 var han programleiar for Total Request Live, den italienske versjonen av MTV-musikkprogrammet. Han leia programmet saman med Giorgia Surina fram til 2006, då han leia programmet åleine. I 2006 deltok han i satire- og humorprogrammet Le Iene på Italia 1, og han debuterte som songar saman med Gianluca Quagliano på albumet Sunglasses (Non dirlo a nessuno).[5]

I 2011 byrja Cattelan i fjernsynskanalen Sky Italia, og var seinare programleiar under Copa América 2011Sky Sports. Same haust vart han programleiar for italienske X FactorSky Uno, og han leia songtevlinga fram til 2020.[6] På same kanal fekk han også sitt eige talkshow, E poi c'è Cattelan (norsk omsetjing: Og så har du Cattelan), og han vart i 2018 kåra til årets italienske programleiar under Flaiano-prisutdelinga.[7]

Cattelan har også vore programleiar for sendingar som filmprisutdelinga David di Donatello i 2016 og 2017, og programmmet Da grande på Rai 1 i 2021. I mai 2022 var han programleiar for Eurovision Song Contest 2022 i Torino saman med musikarane Laura Pausini og Mika. Våren 2022 var han også aktuell med Netflix-serien Alessandro Cattelan: Spørsmålet, der han tok opp eksistensielle spørsmål med kjende gjestar som Paolo Sorrentino og Roberto Baggio.

Radio og litteratur

[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til fjernsyn, har Cattelan leia fleire program på radio, blant anna kanalane Radio Kiss Kiss, RTL 102.5 og Radio 105. I 2013 var han ein av hovudprogramleiarane på musikkanalen Radio Deejay, og han leia hitlisteprogrammet 50 Songs i 2015 og 2016.

Cattelan har også gjeve ut fleire bøker. I 2008 gav han ut romanen Ma la vita è un'altra cosa (Men livet er ei anna ting) på forlaget Mondadori. Han skreiv romanen saman med venen Niccolò Agliardi. I 2010 kom oppfølgjarboka Zone rigide, og i 2011 følgde Quando vieni a prendermi? (Når kjem du for å hente meg?), også desse på Mondadori.[8]

I desember 2020 gav Cattelan ut barneboka Emma libera tutti! (Emma frir alle!) på Gallucci Editore. Boka er inspirert av eventyra dottera hans Nina fortalde.[9]

Fotballkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Cattelan har hatt ein kort fotballkarriere som forsvarsspelar i dei lågare divisjonane i italiensk fotball. I 1995 var han i spelarstallen til A-laget til heimbyen HSL Derthona. I 1999 spela han for Sarezzano og sidan fleire andre småklubbar i dei lågare ligaane i italiensk fotball.[10]

I 2017 kunngjorde Cattelan at han hadde signert kontrakt med HSL Derthona, og han spela nokre få kampar fram til februar 2018, då ein skade vinga han til å ta ein spelepause.[11][12] Kontrakten med HSL Derthona vart avslutta i juni 2018, og Cattelan melde overgang til den sanmarinske fotballklubben La Fiorita.[13] Der spela han blant anna dei siste minutta av Champions League-kvalifiseringskampen mot Lincoln Red Imps F.C., ein kamp San Marino-laget tapte 0–2.[14]

I april 2014 gifta Cattelan seg med den sveitsiske modellen Ludovica Sauer.[15] Paret har to døtre: Nina (fødd i 2012) og Olivia (fødd i 2016).[16]

Utval av fjernsynssendingar og program som Cattelan har leia eller delteke i:[17]

  • Viv.it (VIVA, 2001–2002)
  • Play It (All Music, 2002–2004)
  • Ziggie (Italia 1, 2003–2005)
  • Most Wanted (MTV Italia, 2004)
  • Viva Las Vegas (MTV Italia, 2005)
  • MTV Supersonic (MTV Italia, 2005)
  • Total Request Live (MTV Italia, 2005–2008)
  • Le iene (Italia 1, 2006)
  • Total Request Live On Tour (MTV Italia, 2006–2008)
  • MTV Day (MTV, 2006–2008)
  • TRL Awards (MTV, 2006–2008)
  • Lazarus (MTV Italia, 2008)
  • Stasera niente MTV (MTV Italia, 2008)
  • Coca Cola Live @ MTV – The Summer Song (MTV Italia, 2009)
  • Quelli che il calcio e... (Rai 2, 2009–2011)
  • Copa America Hoy (Sky Sport, 2011)
  • X Factor (Sky Uno, 2011–2020)
  • X Factor Daily (Sky Uno, 2011–2014)
  • Italia Loves Emilia (Sky Prima Fila, 2012)
  • Potevo farlo anch'io! (Sky Arte, 2013)
  • E poi c'è Cattelan (Sky Uno, 2014–2020)
  • Web Show Awards (La3, 2014)
  • David di Donatello (Sky Uno, Sky Cinema 1, TV8, 2016–2017)
  • Da grande (Rai 1, 2021)
  • Alessandro Cattelan: Spørsmålet (Netflix, 2022)
  • Eurovision Song Contest 2022 (Rai 1, 2022)
  1. «Watch Alessandro Cattelan: One Simple Question | Netflix Official Site». www.netflix.com (på engelsk). Henta 2022-02-05.
  2. «Eurovision 2022 Hosts: Laura Pausini, Alessandro Cattelan and Mika 🇮🇹». Eurovision.tv (på britisk engelsk). 2022-02-02. Henta 2022-02-05.
  3. «Epcc, lo show 2.0 di Cattelan. Intervista al Letterman di Sky: "Mi basta un'ora"». La Gazzetta dello Sport - Tutto il rosa della vita (på italiensk). Henta 2022-02-05.
  4. «Alessandro Cattelan». IMDb. Henta 2022-02-05.
  5. «Alessandro Cattelan: Volevo fare il calciatore e il cantante». TvZoom (på italiensk). 2016-05-23. Henta 2022-02-05.
  6. TG24, Sky. «Finale di X Factor, Alessandro Cattelan: 'E' la mia ultima puntata'». tg24.sky.it (på italiensk). Henta 2022-02-05.{{cite web}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)
  7. «Alessandro Cattelan vince il Premio Flaiano come miglior conduttore Tv». www.rumors.it (på italiensk). 2018-07-09. Henta 2022-02-05.
  8. «Alessandro Cattelan: Libri dell'autore in vendita online». www.ibs.it (på italiensk). Henta 2022-02-05.
  9. «"Emma libera tutti", la favola di Natale scritta da Nina e Alessandro Cattelan». www.deejay.it (på italiensk). 2020-11-24. Henta 2022-02-05.
  10. «Cattelan, lo stopper di Mtv - Gazzetta dello Sport». www.gazzetta.it. Henta 2022-02-05.
  11. «Da 'Sky' al calcio: Cattelan giocherà in Prima Categoria | Goal.com». www.goal.com. Henta 2022-02-05.
  12. «Cattelan: "Derthona, sarò il tuo Cannavaro. Inter, tieni Perisic"». La Gazzetta dello Sport - Tutto il rosa della vita (på italiensk). Henta 2022-02-05.
  13. «Il sogno di Ale Cattelan: il suo Derthona in Promozione, ma servono tre punti a Ovada». La Stampa (på italiensk). 2018-05-12. Henta 2022-02-05.
  14. UEFA.com. «La Fiorita-Lincoln Red Imps 2019 Storia | UEFA Champions League». UEFA.com (på italiensk). Henta 2022-02-05.
  15. Bosaia, Maria Sole (2014-04-27). «Alessandro Cattelan e Ludovica Sauer sposi: ecco le immagini del matrimonio - Foto». SoloGossip.it (på italiensk). Henta 2022-02-05.
  16. «Sai con chi è sposato Alessandro Cattelan?». Donna Glamour (på italiensk). 2021-09-21. Henta 2022-02-05.
  17. «Alessandro Cattelan». IMDb. Henta 2022-02-05.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]