San Marino
Utsjånad
| Repubblica di San Marino
(norsk: San Marino, sanmarinsk) | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
| Nasjonalsong | «Inno Nazionale» | ||||||
| Motto | Libertas (latin: for fridom) | ||||||
![]() | |||||||
| Offisielle språk | Italiensk | ||||||
| Hovudstad | San Marino | ||||||
| Styresett Regentkapteinar |
Republikk Matteo Rossi og Lorenzo Bugli | ||||||
| Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
61 km² (194.) Ubetydeleg | ||||||
| Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
33 537 (193.) 549,8 /km² (12.) | ||||||
| Sjølvstende |
3. september 301 | ||||||
| Nasjonaldag | 3. september | ||||||
| BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
1 952 mill. USD (179.) 67 000 USD (11.) | ||||||
| Valuta | Euro | ||||||
| Tidssone | UTC +1 | ||||||
| Telefonkode | +507 | ||||||
| Toppnivådomene | .sm
| ||||||
Republikken San Marino eller berre San Marino (italiensk: Repubblica di San Marino eller San Marino) er eitt av dei minste landa i verda og er på same vis som Vatikanstaten heilt omslutta av landet Italia. Landet har berre 33 000 innbyggjarar. Staten hevdar å vera verdas eldste republikk, som blei grunnlagd i år 301 av ein St. Martinus. Den nedskrivne grunnlova er frå 1600.
Klima
[endre | endre wikiteksten]San Marino ligg klimatisk i ei overgangssone mellom fuktig subtropisk klima og eit meir maritimt klima.[1] Om vinteren har ein få dagar med frost og snø, medan sommaren er varm og forholdsvis tørr. Årsmiddeltemperaturen er 13-15 °C, men dette varierer med høgda. Den årlege nedbørsmengda er kring 800 mm.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Climate-Data.org > Europe > San Marino Climate». en.climate-data.org (på engelsk). Henta 10. september 2020.
- ↑ «San Marinos geografi». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 6. august 2019.
