Aletschhorn

Koordinatar: 46°27′55″N 7°59′37″E / 46.46528°N 7.99361°E / 46.46528; 7.99361
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 7. desember 2009 kl. 03:32 av TXiKiBoT (diskusjon | bidrag) (robot la til: ru:Алечхорн)
Aletschhorn
fjell
Aletschhorn
Land {{landdata Sveits Sveits landflagg2 namn = Sveits Sveits variant = storleik =

}}

Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 4 192 m moh.
Primærfaktor 1 019 m m
Førstestiging 18. juni 1859
Koordinatar 46°27′55″N 7°59′37″E / 46.46528°N 7.99361°E / 46.46528; 7.99361
Kart
Aletschhorn
46°27′55″N 7°59′37″E / 46.465277777778°N 7.9936111111111°E / 46.465277777778; 7.9936111111111
Wikimedia Commons: Aletschhorn

Aletschhorn (4192 m) er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet høyrer med i Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn-området som UNESCO har teke med på si verdsarvliste. Aletschgletscher ligg ved foten av fjellet.

Geografi

Aletschhorn er den nest høgste fjelltoppen i Bern-Alpane, Finsteraarhorn er høgre. På nordsida av fjellet ligg Aletschfirn, ein del av Aletschgletscher. I sørvest ligg Ober Aletschgletscher, medan Mittel Aletschgletscher ligg i sør. Begge desse breane er nedbørsfelt til elva Massa, som har sine kjelder i Aletschgletscher og endar opp i elva Rhone. Aletschhorn, som ligg midt inne i breområdet, er mindre kjend enn fjelltoppane Jungfrau og Eiger. Desse ligg kring 10 km lenger nord.

Aletschhorn sett frå Jungfraujoch

Klatresoge

Aletschhorn vart klatra fyrste gong i 1859 av Francis Fox Tuckett, Johann J. Bennen, V. Tairraz og Peter Bohren. Den 18. juni starta dei bestiginga frå Mittel Aletschgletscher, på sørsida av fjellet. Slik mange andre klatrarar gjorde den tida, tok Tuckett med seg eit barometer og gjorde vitskaplege observasjonar. Han registrerte isande kalde temperaturar og svært sterk vind. Vinden var så kraftig at han truga med å slå klatrarane over ende.

Etter dei hadde nådd toppen, skilde Tuckett lag med Bennen og tok til på nedstiginga i nordveggen saman med Bohren og Tairraz. Han ynskte å gå rett ned i dalen Lötschental. Straks etter dei tok til på nedstiginga, stokk eit snøskred ut under føtene til klatrarane. Dei vende då tilbake og føretok nedstiginga på Mittel Aletschgletscher.