Alexander Kristoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexander Kristoff
Schoten - Scheldeprijs, 8 april 2015, aankomst (D11).JPG
Syklist
Namn Alexander Kristoff
Kallenamn Alex
Fødd 5. juli 1987 (30 år)
Fødestad Flag of Norway.svg Noreg Oslo i Noreg
Laginformasjon
Lag Katjusja
Disiplin Landevegssykling
Ryttartype Spurtar
Profesjonelle lag
2010-2011
2012-
BMC Racing Team
Katjusja

Alexander Kristoff (fødd 5. juli 1987) er ein norsk syklist. Han vart profesjonell i 2010-sesongen for det amerikanske sykkellaget BMC Racing Team. Frå 2012-sesongen sykla han for det russiske laget Team Katusha.

Det var stefaren som gjorde Kristoff interessert i sykling. Som 9-åring flytta han frå Oslo til Stavanger og valte sykkel framfor fotball. Han starta karrieren med å sykle for Stavanger SK og det danske laget Glud & Marstrand Horsens (2006) før han gjekk over til Team Joker Bianchi.

Som 16-åring vann han ungdoms-NM og tok 4. plass i ungdoms-OL.[1]

I 2007 vart han som 19-åring noregsmeister i landevegsritt ved å slå Thor Hushovd i spurten. Kristoff har tre gull i NM for junior.

I 2012 vann han sin første siger som profesjonell syklist, då han vann etappe 3a i De Panne-Koksijde. Han tok også bronse under landevegsrittet i sommar-OL 2012.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

2007
Flag of Norway.svg Noreg Noregsmeister på landeveg
2008
Noregsmeister gateritt
Etappeseier Ringerike Grand Prix
2009
Noregsmeister på landeveg (U23)
Noregsmeister gateritt
Etappeseier Ringerike Grand Prix
2. plass 2. etappe i Tour of Britain
2010
3. plass Philadelphia International Championship
3. plass 1. etappe Tour of California
4. plass Vattenfall Cyclassics
2011
Flag of Norway.svg Noreg Noregsmeister på landeveg
2012
1. plass, etappe 3a De Panne-Koksijde, sykla i leiartrøya på to etappar
3. plass, bronse, landevegsrittet i sommar-OL.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. OL er et mål, men Tour de France er drømmen for Alexander, Dagbladet, 29. august 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alexander Kristoff
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.