Katjusja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Katjusja-rakettar på ein ZiS-6

Katjusja (russisk: Катюша, Katjusja) òg kjend som stalinorgel, var eit sovjetisk rakettutskytingssystem teke i bruk av Sovjetunionen i andre verdskrigen.[1]

Det var tyske soldatar som gav våpensystemet tilnamnet «stalinorgel» etter den sovjetiske diktatoren Josef Stalin og med klår tilvising til lyden frå Rakettane til stalinorgelet. Russarane på sin side oppkalla det etter ein velkjend song.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Samanlikna med konvensjonelt artilleri var dette rakettsystemet i stand til å levera store mengder eksplosiv i løpet av kort tid. Trefftryggleiken var lågare og det tok lengre tid å lada om att ein katusja enn tilfellet var for vanleg artilleri. I tilhøve til kanonar var systemet forholdsvis billeg og enkelt å produsera. Takka vere sin mobilitet kunne systemet raskt flyttast frå staden det hadde skote frå før det kunne leggjast under eld av artilleriet til fienden.

Katusja var det første sjølvdrivne artilleriet produsert av Sovjetunionen og det var som regel plassert på lastebilar, men i løpet av krigen vart systemet òg montert på artilleritraktorar, stridsvogner, pansra tog, marinefartøy og elvebåtar.

Systemet var relativt enkelt; rakettane vart montert på parallelle stålskinne (frå 14 til 48 stk.) som igjen sett på ei stålramme som kunne hevast og senkåst. M-13-raketten brukt på BM-13-systemet var 132 mm i diameter og 180 cm lang. Raketten vog 42 kg. Den vart driven av ein drivladning av nitrocellulose plassert i ein rakettmotor av stål med ein ståldyse i botnen. Raketten hadde fire styrefinnar. Stridhovudet vog rundt 22 kg. Skotvidda var rundt 5,4 km. Det vart etter kvart utvikla rakettar med diameter på 82 mm og 310 mm.

Sjølv om våpensystemet mangla trefftryggleiken til konvensjonelt artilleri var det ekstremt effektivt i teppebombing av eit område. Eit batteri med fire BM-13 rakettkastarar kunne i løpet av 7-10 sekund skyta ei salve som leverte drygt 4,3 tonn høyeksplosiver over eit areal på fire hektar (40 000m²).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stalinorgel på to hjul?». Språkrådet. 3. juli 2009. Henta 9. mars 2017.