Thor Hushovd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thor Hushovd

Thor Hushovd i 2013.
Foto: Laurie Beylier
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1978 (46 år)
Grimstad
Idrett landevegssykling
Tok del i

Vuelta a España, Tour de France, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Tour de France 2011, Tour de France 2010, Europatouren i landevegssykling 2010, Europatouren i landevegssykling 2009, 2008–09 UCI America Tour, Oseaniatouren i landeveissykling 2009–10, UCI World Tour 2014, UCI World Tour 2013, UCI World Tour 2012, UCI WorldTour 2011, UCI Verdenskalender 2009, UCI Verdenskalender 2010, 2001 UCI Road World Rankings, 2002 UCI World Road Rankings, 2003 UCI Road World Rankings, Q53844942, UCI ProTour 2005, UCI ProTour 2006, UCI ProTour 2007, UCI ProTour 2008

Utmerkingar

Aust-Agder fylkeskulturpris, Aftenpostens Gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett, Folkets idrettspris

Thor Hushovd under Tour de France 2005

Thor Hushovd (fødd 18. januar 1978 i Grimstad) er ein norsk syklist som vart verdsmeister i landevegssykling 2010. Han sykla for det franske sykkellaget Crédit Agricole frå han vart profesjonell i 2000, og til laget vart lagt ned etter 2008-sesongen. Deretter sykla han to sesongar for Cervélo TestTeam. Etter 2010-sesongen blei laget lagd ned, men Hushovd og sju andre syklistar frå laget blei med over til Garmin-Transitions som før 2011-sesongen skifta namn til Garmin-Cervelo. Frå 2012 har Hushovd sykla for BMC Racing Team, men dei siste sesongane har vore prega av sjukdom og formsvikt. På ein pressekonferanse 27. juni 2014 opplyste Thor Hushovd at han hadde bestemt seg for å avslutte ei lang og hendingsrik karriere etter sesongslutt.[1]

Hushovd er ein spurtspesialist som satsar på dei klassiske sykkelritta, samt spurtpoeng og etappesigrar i dei store etapperitta. Han vann grøn trøye i Tour de France i 2005 og 2009.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Junior[endre | endre wikiteksten]

Hushovd byrja å sykle som 10-åring, og vann det fyrste rittet sitt på tempoetappen over 5 kilometer under Vårtråkken i 1988. På det norske juniorlandslaget vann han i 1995 ein etappe i Tour of Frankfurt, og i 1996 vart han juniornoregsmeister i både tempo- og landevegsritt. Han kom også på tiande plass på temporittet under juniorverdsmeisterskapen dette året.[2]

U23 / Amatør[endre | endre wikiteksten]

I 1997, det fyrste året hans som U23-ryttar, tok Hushovd fire etappesigrar under Ringerike Grand Prix, og vart dermed den yngste vinnaren av rittet med sine 19 år. Året etter vann han U23-verdsmeisterskapen i temporitt og verdscupen samanlagt. I 1999 tok han i alt 22 sigrar som amatørryttar, og igjen Ringerike Grand Prix, inkludert tre etappesigrar. Mot slutten av 1999 skreiv han proffkontrakt med Crédit Agricole.[2]

Tour de France[endre | endre wikiteksten]

Hushovd debuterte i Tour de France i 2001. Han var med på laget som vann 5. etappe i lagtempo, men fullførte ikkje konkurransen. Han vann éin etappe i 2002, éin etappe i 2004 og i 2006 vann han både prologen og den prestisjefylde sisteetappen opp Champs-Élysées. 9. juli 2007 var han involvert i ein massevelt på andre etappe av Tour de France 2007, men berre to dagar seinare, 11. juli 2007 vann han igjen ved ein massespurt på fjerde etappe. Året etter, 6. juli 2008, tok han den sjette etappesigeren i karrieren sin ved å vinne andre etappe. Hushovd tok også ein etappesiger i 2009 og 2010, mens hans to siste sigre kom i 2011-utgåva av rittet. 2011 vart også ellevte og siste gong Hushovd sykla Tour de France.

Grøn trøye[endre | endre wikiteksten]

I poengkonkurransen har han i alle år sidan 2003 vore mellom dei fire beste. Han vann den grøne trøya i 2005 utan å vinne ein einaste etappe. I 2008 var han mellom dei største favorittane til å vinne trøya, og etter femte etappe kunne han ta på seg grøn trøye, men vart til slutt slått av Oscar Freire med 50 poeng. I 2009 vann Hushovd den grøne poengtrøya for andre og siste gong.

Gul trøye[endre | endre wikiteksten]

På den tredje etappen i 2004 fekk han som fyrste nordmann i historia æra av å køyre med den gule leiartrøya. I 2006 vann han prologen og kunne dermed igjen ta på seg gul trøye. Han mista trøya etter eit uhell i spurten i den fyrste etappen, men vann henne tilbake på andre etappe. Etter tredje etappe mista han henne att.

Vuelta a España[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vann han femte etappe i Vuelta a España. Han leidde poengkonkurransen då han trekte seg etter ti etappar. Året etter vann han sjette etappe og vart nummer to på 2., 3., 4., 13. og 21. etappe. Han sykla med den gylne leiartrøya frå tredje til femte etappe og vann poengtrøya.

Giro d'Italia[endre | endre wikiteksten]

Hushovd stilte til start i Giro d'Italia for fyrste gong i 2007. Hushovd vert eigentleg nummer to på etappe nummer sju, men ettersom vinnaren av etappen, Alessandro Petacchi, seinare vart teken i doping, vart Hushovd tilkjend sigeren. Hushovd gav seg på 12. etappe.

OL[endre | endre wikiteksten]

Hushovd deltok for fyrste gong i dei olympiske leikane under Sydney-OL i 2000, og kom på sjuande plass på mennene sitt temporitt.

Hushovd stilte ikkje til start under sommar-OL 2008, sjølv om han eigentleg var teken ut på OL-landslaget. Han var sjuk og utmatta etter Tour de France 2008 og valde difor å trekkje seg frå leikane.

Meritt[endre | endre wikiteksten]

2009
2008
2007
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1998
  • U23-verdensmester i tempo

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 30. august 2014 
  2. 2,0 2,1 Thor Hushovd Biography