Alexander Os

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexander Os


Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. januar 1980 (44 år)
Fauske kommune
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2010

Alexander Os (fødd 21. januar 1980) er ein norsk skiskyttar frå Fauske, som tevlar for Ishavslaget i Tromsø. Han vann gull med Noreg på stafetten under VM i skiskyting 2011, og ein VM-bronse på jaktstarten i 2009.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Os har tevla i verdscupen i skiskyting sidan 2004. Han har sju pallplasseringar i turtneringa, men ingen siger. Den fyrste andreplassen kom i ei sprinttevling i Lahti i 2007, Raphael Poiree vann rennet. Os vart så nummer to under verdscupopninga i Östersund i desember 2008. Seinare i 2008/09-sesongen syrgde landsmannen Lars Berger og Os for norsk deobbeltsiger under sprintrennet i Hochfilzen.

Under VM 2009 i Pyeongchang vart Os fjerdemann på sprinten, berre slått av landsmenn. Han tok så sin einaste individuelle VM-medalje då han vart bronsemann på den etterfylgjande jaktstarten. Os gjekk opningsetappen då Noregs stafettlag vart verdsmeistrar under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk. Ole Einar Bjørndalen, Emil Hegle Svendsen og Tarjei Bø gjekk dei andre etappane for Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]