Alexander Tettey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexander Tettey
Personleg informasjon
Fullt namn Alexander Banor Tettey
Kallenamn Eddy, Van Tettey, The Bulldog
Fødd 4. april 1986
Fødestad Accra
Posisjon Defensiv midtbane
Ungdomsklubbar
Ghana
Noreg
Kickers
FK Bodø Glimt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-2003
2003-2009
2005
2009-2012
2012-2021
2021
Noreg Kolstad
Noreg Rosenborg
Noreg → Skeid (lån)
Frankrike Rennes
Norwich
Noreg Rosenborg

89 (12)
5 (2)
60 (2)
244 (7)
6 (0)
Landslag
2007-2016 Noreg Noreg 34 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. oktober 2021
‡ Landslagsmål oppdatert 11. november 2016 [1]

Alexander Banor Tettey (fødd 4. april 1986 i Accra) er ein norsk-ghanesisk tidlegare fotballspelar.

Tettey spelte helst defensiv midtbane, men var også indreløpar eller hadde andre posisjonar på banen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tettey tok til å spele organisert fotball for Kickers i heimlandet før han flytte etter far sin til Noreg og Bodø saman med systera i 1999.[2] Medan han budde i Bodø spela han på aldersbestemte lag i Bodø/Glimt. Han flytte seinare til Trondheim og begynte å spele for Kolstad. Her imponerte han nok til å få ein plass på juniorlaget til Rosenborg. Tettey vart junior-noregsmeister med Rosenborg i 2005. Allereie som 16-åring fekk han spele for A-laget til Rosenborg.

I norsk toppfotball har han stort sett spelt for Rosenborg, men var på utlån til Skeid ein periode. Under perioden sin i Rosenborg fekk han med seg to seriemeistertitlar, i 2006 og 2009. I 2009 vart han seld til franske Rennes. Han har også spelt for Norwich.

Landslag[endre | endre wikiteksten]

På landslagsnivå valde Tettey å spela for Noreg. Han spelte både på fleire aldersbestemte landslag før han debuterte på A-landslaget i 2007, då Noreg slo Argentina 2-1. Fram til 2017 spela han 34 A-landskampar og skåra tre mål på dei. I EM-kvalifiseringa i 2016 vart Tettey toppskårar for Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alexander Banor Tettey fotball.no
  2. (no) «Drømmer om å spille skjorta av Essien». Adressa.no. 18. september 2007. Henta 9. august 2009.