Alf Baartvedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alf Baartvedt
Fødd 11. mars 1843
Fusa
Død

5. januar 1903 (59 år)
Aukra

Yrke prest, lærar

Alf Baartvedt (fødd 11. mars 1843 i Fusa, død 5. januar 1903 i Aukra)[1][2] var ein norsk prest og lærar.[3] Han blei peikt ut i Fedraheimen som «den fyrste Presten, som hev skrevet Skulebøkar paa Norsk.»[4]

Bakgrunn og familie[endre | endre wikiteksten]

Alf Baartvedt fødd på småbruket Baartvedt (no Bårtveit) i Fusa som son av Torkel Olsen Baartvedt og Kristi Olsdotter.[1][5] Han utdanna seg først til skulelærar på Stord (1861-63) og tok så latinskulen til Heltberg (1866-67), før han studerte teologi ved Universitetet i Kristiania (1867-71).[6]

Han var gift med Lilla Baartvedt.[2]

Arbeid og verk[endre | endre wikiteksten]

Baartvedt arbeidde først som lærar heime på Fusa i to år. Som nyutddana prest verka han i Minnesota i USA frå 1872 til 1874. Han vende tilbake til Noreg og underviste ei tid ved Gjøvik Borgerskole.[7] Han hadde stillinga stiftskapellan i Trondheim frå 1877 til 1885, og var deretter sokneprest i Akerø (Aukra) i Romsdal frå 1885 til 1902.[6]

Baartvedt gjekk inn for venstrepolitikk, og var med på skipinga av fylkesparti for Møre og Romsdal.[8]

I 1882-83 gav Alf Baartvedt ut to kristne lærebøker på landsmål.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Kristeleg barnelæra etter Luters katekisma (Kristiansund, 1882)
  • Kristeleg tru og livnad : ei kortfattad lære-historisk handbok for skule og heim (Kristiansund, 1882/1883)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]