Alf Hurum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alf Hurum (21. september 188215. august 1972) var ein norsk komponist og kunstmålar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Alf Hurum vart fødd den 21. september 1882 i Oslo. I 1905 byrja han å studere komposisjon i Berlin, mellom anna hjå Max Bruch.

I 1909 drog han til Paris og vart der halvanna år. I Paris vart han kjend med impresjonismen, både som musikk og som biletkunst, og han dyrka begge desse kunstartane. Han kjente bileta åt Edvard Munch frå før, og han sa sjølv at Munch hadde særleg stor innflytnad på hans eigen personlegheit. Når han såg bilete høyrde han musikk, og når han høyrde musikk såg han fargar; eksempel på dette har han fastheldt t.d. i komposisjonane Impressions og Akvareller. Det sner og det sner var inspirert av Kittelsen.

1916 drog han til Petrograd, der han opplevde Eldfuglen av Igor Stravinskij, noko som gjorde eit uutsletteleg inntrykk på han.

Han budde i Noreg nokre år før han i 1924 flytte til Hawaii for å bli der resten av livet; kona hans var derifrå. Han grunnla der Honolulu symfoniorkester og drog på turnéar med dette orkesteret både til USA og Europa.

Alf Hurum slutta etterkvart å komponere for å konsentrere seg om kunstmåling. Han døydde i Honolulu den 15. august 1972.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Opus 1: Tre klaverstykker
  • Opus 2: Sonate for fiolin og klaver i d-moll
  • Opus 3: For Piano
    • Melodi. Bækken. Idyl.
  • Opus 4: Impressions. Pour le piano.
    • Notre-Dame. La Fontaine. Chanson.
  • Opus 5: Akvareller
    • Vandliljen. Miniature. Akvarel. Marche Tartare.
  • Opus 6 (1913): Strykekvartett i a-moll
  • Opus 7: For piano
    • Fantasi. Rose og sommerfugl. Silhouet.
  • Opus 8: Sonate for fiolin og klaver i a-moll
  • Opus 9 (1915): Eksotisk suite for fiolin og klaver
    • Rektah. Tsin-tsin-fa. Rektah. Ma-ma hau ming-pai. Rag Darbari Kandra. Cheu teu. Ved Indgangen til Confucius Tempel.
  • Opus 10: Pasteller
    • Fra en gammel klosterhave. Poem. En Saga. Morgen ved Memnonstøtten.
  • Opus 11: Sanger
    • Vi ses igen. En blomma. Gloria in excelsis.
  • Opus 12: Sanger
    • Liden Kristen. Hvorfor hyler de sorte hunde. Græd kun du blege.
  • Opus 13: Sanger
    • Blonde nætter. Stævnemøde. Genrebillede. Det var en deilig hane.
  • Opus 14: Sanger
    • Fandango. Til min gyldenlak. Nocturne. Regn. September. Bjærken.
  • Opus 15: Lilja. For mannskor.
  • Opus 16 (1920): Eventyrland. Suite for orkester.
    • I den forheksede have. Prinsessen leker med Guldæblerne. De tre trold. Det sner og det sner. Tusselag. Nordlysdøtrene.
  • Opus 17: Gotiske Billeder. Poemer for piano.
    • Munkekor i Jonsklosteret. St. Thomas’ Klokker. Gargoyle. Dunkelt lys gjennom rosevindu. Luftlet ornamentik mot aftenhimmel. Mysterium.
  • Opus 18: Norrøn Suite for piano (Kjersti og Bergjekongen)
  • Opus 19: Sanger
    • Aften. Jeg løfter mit øie
  • Opus 20 (1920): Bendik & Aarolilja, symfonisk dikt.

Pianostykke utan opusnummer[endre | endre wikiteksten]

  • Roccoco. To klaverstykker.

Songar med orkester utan opusnummer[endre | endre wikiteksten]

  • Fandango
  • Blonde nætter
  • Nocturne
  • Sorte hunde

Orkesterstykke utan opusnummer[endre | endre wikiteksten]

  • 1927: Symfoni i d-moll
  • 1931: Norrøn suite
  • 1932: Suite
    • Melodi. Miniature. Marche tartare.
  • Eksotisk suite
  • Gotiske billeder

Kjelder[endre | endre wikiteksten]