Alfred Madsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alfred Madsen
Alfred Martin Madsen.jpg
Fødd10. april 1888
Bergen
Død8. mai 1962
Bærum
NasjonalitetNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, ingeniør, redaktør, fagforeningsleiar

Alfred Martin Madsen (10. april 18888. mai 1962) var ein norsk politikar frå Bergen. Han var sosialminister i Christopher Hornsrud si regjering i 1928 og handelsminister i Johan Nygaardsvold si regjering frå 1935 til 1939.

Madsen var son til ein snikkarmeister. Sjølv utdanna han seg til litograf og maskinkyndig. Perioden 1910-12 arbeidde han i USA, i 1913 og -14 i Tyskland. Frå 1914 til -17 var han redaktør av Tidens Krav i Kristiansund, deretter var han ei tid på Rjukan, seinare i Bergen, før han i 1920 vart redaktør av partiorganet Ny Tid i Trondheim.

Madsen engasjerte seg i arbeidarrørsla frå unge år. Han var ein av dei leiande i Fagopposisjonen av 1911, og i opposisjonen i Det norske Arbeidarparti i tida kring fyrste verdskrigen, der han viste seg som ein framifrå agitator og skribent. Etter at meiningsfellane til Madsen fekk makta i DnA i 1918, kom Madsen i 1919 inn i landsstyret, og i 1920 fekk han plass i sentralstyret, eit verv han hadde til 1935.

Madsen var frå 1922 til -27 stortingsrepresentant for Akershus fylke, sidan representerte han Oslo på Tinget frå 1928 til 1945. I tida 1923-31 var han parlamentarisk leiar for Det norske Arbeidarparti, samt i 1939/40. Han gjekk av som parlamentarisk leiar då han fekk stillinga som kasserar og nestformann i Landsorganisasjonen, ein posisjon han hadde i tre år. Vinteren 1928 var Madsen sosialminister i den kortvarige Hornsrud-regjeringa. Då Johan Nygaardsvold danna regjering 20. mars 1935 vart Madsen sjef for Handelsdepartementet, eit ombod han hadde til 1. juni 1939. Han fekk då stillinga som stempelpapirforvaltar.

Under andre verdskrigen sat Madsen fengsla av Gestapo vinteren/våren 1940/41 og vinteren/våren 1942/43. Den tyske okkuasjonsmakta fjerna han som stempelpapirforvaltar i august 1942, men han fekk tilbake stillinga då verdskrigen var over.

Han døydde i Bærum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]