Fagopposisjonen av 1911

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fagopposisjonen af 1911 er ei nemning på ei gruppe innan norsk fagrørsle og arbeidarrørsle. Fagopposisjonen voks fram etter eit fagleg møte i Trondheim i 1911, der det vart vedtatt ei fråsegn (Trondhjemsresolusjonen) om at organisasjonsarbeidet skulle drivast på «et mer revolusjonært grundlag end før». Fagopposisjonen var ein fraksjon innan Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon, det seinare LO. Dei fremste leiarane var Martin Tranmæl, Alfred Madsen, Halvard Olsen og Elias Volan. Fagopposisjonen var ein reaksjon mot den parlamentariske linja Det norske Arbeidarpartiet hadde slått inn på kring 1900. Fasgopposisjonen ynskte mindre vekt på parlamentarisk arbeid, og hadde meir tru på revolusjon for å fremje sosialismen. Med Kyrre Grepp og Martin Tranmæl i spissen erobra fagopposisjonen makta og det politiske hegemoniet i Arbeidarpartiet i 1918. Fagopposisjonen hadde visse drag av syndikalisme, men var ikkje syndikalistisk.

Sitat frå Trondhjemsresolusjonen[endre | endre wikiteksten]

«Møtet uttaler, at den faglige situation nu kræver, at organisationsarbeidet lægges paa et mere revolutionært grundlag end før. I henhold hertil peker møtet paa som nærligende program:
A. 1.De skriftlige bindende overenskomster avskaffes. 2. Forsikringsvæsenet sløifes.
B. Som kampmidler benyttes i første række:
1. Streik. 2. Sympatistreik. 3. Boykot. 4. Obstruktion. 5. Sabotage. 6. Kooperation.
C. Organisationsformen ændres derhen:
1. At landsorganisationen gjøres til det centrale, - fællesnevneren.
2. Denne inddeles i departementer svarende til de store industrier, altsaa industriforbund.
Der oprettes lokale samorganisasjoner som bl.a. overtar den lokale agitation og gives indflydelse paa fastsettættlse av arbeidsvilkaarene.»
(Kjelde: Martin Tranmæl: De faglige kampmidler og organisationsformer (Trondhjems fagforeningers lokale samorganisation, Trondhjem 1913))

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I åra føre hadde det vore ein linjekamp i Landsorganisasjonen om ein i det faglege arbeidet skulle satse på langsiktige avtalar med arbeidsgivarane eller på ei meir aksjonistisk linje. Innanfor veletablerte industriforbund og handverkerforeiningar stod den første linja sterkast, mens mange arbeidarar i den raskt veksende tungindustrien og i anleggsbransjen såg seg best tente med den siste.

Fagopposisjonen med Martin Tranmæl i spissen kravde ei omlegging frå ein forbundsvis lønskamp til ein meir samordna kamp bygd på Landsorganisasjonen sentralt og samorganisasjonane lokalt. I tillegg reiste dei krav om nasjonalisering av økonomien og direkte arbeidarkontroll over produksjonsmidla.

Arbeidarpartiet vart kritisert for å leggje for stor vekt på det parlamentariske arbeidet. I partiet allierte Fagopposisjonen seg med Det sosialdemokratiske ungdomsforbundet og Det sosialdemokratiske studentlaget, som også var påvirka av internasjonale sosialistiske idear.

Kort tid etter Den russiske revolusjonen i 1917 begynte opposisjonen å organisere arbeidar- og soldatråd rundt omkring i landet, og i mars 1918 heldt rådsrørsla landskonferanse. Dei avviste partileiinga si linje som sa at samfunnsendringar måtte byggje på folkefleirtalet, uttrykt gjennom frie val med allmenn stemmerett. Mot denne linja sette opposisjonen arbeidarklassen sin kamp mot «de besiddende klassers ret til økonomisk utbytning og undertrykkelse» - uavhengig av samansetninga i Stortinget.

På Arbeidarpartiet sitt landsmøte i 1918 greidde Fagopposisjonen å samle fleirtal for eit noko moderert forslag som sidestilte kamp for parlamentarisk fleirtal med revolusjonær masseaksjon. Ved vala trekte den gamle leiinga seg frå alle verv, og opposisjonen inntok det nye sentralstyret.

På landsmøtet i 1919 vart det vedtatt å melde partiet inn i Den tredje internasjonalen. Dermed hadde Fagopposisjonen vunne fram i kampen for å gjere Det norske Arbeidarpartiet til eit revolusjonært parti.

Same året fekk Fagopposisjonen også fleirtal på LO-kongressen. Den gamle leiaren, Ole O. Lian, vart attvald etter å ha nærma seg opposisjonens syn. Ny nestformann vart Elias Volan.

Kjelde: Bokmålswikipediaen [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]