Magnetisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnetfeltet til ein magnetisk stav illustrert ved hjelp av jernspon på eit papir.

Magnetisme er ein eigenskap ved material som gjer at dei utøver ei tiltrekkjande eller fråstøytande kraft på andre material. Det er mikroskopiske rørsler av molekyl som gjev opphav til eigenskapen.[1] Nokre material, til dømes jern, einskilde former av stål og mineralet magnetitt, er særleg magnetiske. Alle andre material har òg, i større eller mindre grad, magnetiske eigenskapar, men i dei fleste tilfelle er eigenskapane så små at dei ikkje kan påvisast utan bruk av spesialutstyr. Ordet kjem frå Magnesia ad Sipylum der ein i antikken for første gang oppdaga fenomenet. Noko som er prega av magnetisme vert kalla magnetisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holtebekk, Trygve; Kjekshus, Arne (2018-08-20). «magnetisme». Store norske leksikon (på norsk). 
Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.