Aljaksandr Milinkjevitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aljaksandr Milinkjevitsj
Алякса́ндар Уладзі́меравіч Мілінке́віч
Alaksandar Milinkevich.jpg
Fødd25. juli 1947
Hrodna
NasjonalitetKviterussland
Yrkefysikar, etnolog, universitetslærar, historikar, politikar, matematikar, menneskerettsaktivist
Alma materYanka Kupala State University of Grodno

Aljaksandar Uladzimeravitsj Milinkevitsj (fødd 25. juli 1947 i Hrodna) er ein kviterussisk politikar og fysikar. Ved presidentvalet i Kviterussland 19. mars 2006 var han kandidaten til ein brei koalisjon av opposisjonsgrupperingar til å utfordra det diktatoriske styret til den sitjande presidenten, Aljaksandar Lukasjenka.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Milinkevitsj vart fødd i 1947 i Hrodna i Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken. Bestefaren var aktivist i den kviterussiske nasjonalrørsla etter den russiske revolusjonen. I 1969 vart han ferdig med ei utdanning i fysikk ved det pedagogiske instituttet i Hrodna. I 1968-69 var han òg med på å vinna den kviterussiske meisterskapen i basketball. I 1976 forsvarte han ein doktorgrad i fysikk om temaet kraftige laserimpulsar ved universitetet i Hrodna. Etterpå jobba han ved fysikk-instituttet til det kviterussiske vitskapsakademiet. Mellom 1980 og 1984 leia han fysikk-fakultetet ved universitetet i Sétif i Algerie. Han var òg dosent ved universitetet i Hrodna frå 1978 til 1980 og igjen frå 1984 til 1990. Då gjekk han òg inn i lokalpolitikken. Frå 1990 til 1996 var han vise-borgarmeister i byen, med ansvar for mellom anna utdanning, helse og kultur.

Rikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

I 2001 var han stabssjef for Siamjon Domasj, ein av opposisjonsleiarane som stilte som kandidat ved presidentvalet i 2001. I 2005 vart det gjort mykje arbeid for å samla opposisjonen i Kviterussland om ein kandidat som kunne utfordra det diktatoriske styret til president Lukasjenka ved neste presidentval. 2. oktober 2005 møttest 900 delegatar frå mange opposisjonsrørsler i Minsk for å velja ein slik kandidat, og valet fall på Milinkevitsj. Det var òg to andre motkandidatar til Lukasjenka, men Milinkevitsj sitt kandidatur vart likevel støtta av størstedelen av opposisjonsrørsler i landet. Valet vart heldt den 19. mars 2006. Dei siste vala som har blitt heldt i Kviterussland har ikkje blitt godkjent som frie og rettferdige av OSSE sine valobservatørar, og ein rekna heller ikkje med at valet i 2006 ville bli det. Milinkevitsj hadde difor fleire møte med vestlege politikarar, mellom anna den tyske forbundskanslaren Angela Merkel, den polske statsministeren og den franske utanriksministeren, for å retta merksemd mot situasjonen i Kviterussland og få støtte. Etter valet leia Milinkevitsj demonstrasjonane mot gjennomføringa av valet og det offisielle valresultatet. Han reiste òg til Noreg i april, og møtte mellom anna statsminister Jens Stoltenberg. 26. april 2006 vart han arrestert under ein demonstrasjon i Minsk og dømt til 15 dagars fengsel.

Ved presidentvalet i 2010 stilte han ikkje som kandidat, men støtta kandidaturet til Ryhor Kastusiow.

I 2012 vart han nekta å stilla som kandidat ved parlamentsvalet i Kviterussland. I 2014 uttalte han at han kunne koma til å stilla som presidentkandidat igjen i 2015, men ville føretrekkja å støtta ein yngre opposisjonskandidat.

Milinkevitsj har ei sterk interesse for historie. I ti år var han ansvarleg for eit historieprogram på fjernsynet i Hrodna. Han er gift og har to søner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Valkampside på engelsk, fransk, russisk og kviterussisk.