Altmark-saka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plakatutstilling ovanom Jøssingfjorden om Altmark-saka
Utsyn over Jøssingfjorden

«Altmark»-saka er ei nemning på ei hending som fann stad i Noreg i februar 1940, i byrjinga på andre verdskrigen. Noreg var nøytral i krigen, og saka vart ei prøve på nøytraliteten. Hendinga vart nytta som argument frå tysk side om at Noreg ikkje var i stand til å vere nøytral i krigen. Hendinga var med på å leie fram mot operasjon Weserübung, den tyske invasjonen av Noreg. «Altmark» var eit tysk militært støtteskip til kryssaren «Admiral Graf Spee», som hadde drive aksjonar mot britiske handelsskip i Sør-Atlanteren. «Altmark» tok seg av fangane frå desse handelsskipa og måtte gå kryssgang over Atlanterhavet med 300 fangar om bord. Under overfarten nytta «Altmark» norsk og andre nøytrale flagg. Til dette føremålet var «Altmark» mellom anna utstyrt med skorstein som kunne justerast.

Den 14. februar 1940 kom «Altmark» inn i norsk territorialfarvatn og heiste tysk marineflagg. Skipet vart inspisert av norsk nøytralitetsvakt som ikkje oppdaga fangane.

For britane var «Altmark» eit todelt problem, då dei ikkje var sikre på om «Altmark» frakta fangar. Dersom dei hadde borda skipet, og det hadde vist seg at det ikkje var fangar om bord, ville dei ha sett seg sjølve i eit dårleg lys. Viss det derimot var fangar om bord kunne dei krevje svar frå den norske regjeringa om kvifor dei tillet tyske krigsskip med fangar om bord i eige farvatn.

Utanfor Jæren møtte «Altmark» 16. februar fleire britiske jagarar og vart tvinga til å søkje dekning i Jøssingfjord. Ein britisk bordingsaksjon kom ikkje i gang på grunn av to norske kanonbåtar som hevda at «Altmark» hadde vorte undersøkt og ikkje hadde fangar om bord. På grunn av dette måtte den britiske sjefen kontakte admiralitetet for nærare instruksar.

Desse instruksane fekk han seinare på kvelden. «Altmark» skulle bordast, og dersom nordmennene opna eld skulle elden besvarast. På denne tida hadde «Altmark» letta anker og freista å renne HMS «Cossack» i senk, med det resultetet at «Altmark» grunnstøytte. Kort tid etter vart «Altmark» borda av britane og dei 300 britiske fangane vart sette fri. Sju tyske sjømenn vart drepne under aksjonen.

«Altmark» vart ein stor propagandasiger på den britiske heimefronten. Spesielt for sjefen for den britiske marinen, Winston Churchill. I tillegg var spesielt Frankrike tilhengar av å nytte «Altmark»-episoden som eit påskot for vidare aksjonar i Noreg.

For Noregs vedkomande vart «Altmark» eit diplomatisk problem. På den eine sida hadde britane krenkt norsk nøytralitet, og på den andre sida hadde eigentleg ikkje tyskarane lov til å transportere fangar i norsk farvatn.

For Tysklands vedkomande vart «Altmark»-saka den utslagsgivande faktoren til ein tysk invasjon i Noreg – Operasjon Weserübung – sidan tyskarane ikkje lenger stolte fullstendig på den norske nøytraliteten og sikkerheita til dei tyske handelsskipa som frakta jernmalm frå Narvik.

Nasjonal Samling si avis Fritt Folk lanserte ordet jøssing etter Jøssingfjord og Altmark-saka. Tanken var at ordet skulle brukast forakteleg om engelskvenlege nordmenn. Etter kvart vart ordet teke opp av Heimefronten og bruka som heidersnamn på tilhengarane deira i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]