Aluminiumsjoletre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit aluminiumsjoletre

Eit aluminiumsjoletre (engelsk aluminum Christmas tree) er ein type kunstige joletre som var populære i USA frå 1958 til midten av 1960-åra. Som namnet seier er «treet» laga av aluminium, og har nåler laga av aluminiumsfolie. Ofte er der det også ljossett nedanfrå med eit roterande «ljoshjul».

Aluminiumstre skal ha vore dei første kunstige joletrea som ikkje var grønfarga.[1] Dei vart først laga kommersielt omlag 1955, vart verande populære inn på 1960-talet, og vart laga til og med 1970-talet.[2][3] Trea vart først laga av Modern Coatings, Inc. frå Chicago.[3][4] Mellom 1959 og 1969 vart dei fleste aluminiumsjoletrea laga i Manitowoc i Wisconsin av Aluminum Specialty Company.[5][4] I dette tiåret produserte selskapet over ein million aluminiumstre.[3]

Tre frå 1960-talet i samlinga til The Children's Museum of Indianapolis.
Aluminiumsjoletre utstilt i delstaten Washington.

Joletrea var på sitt mest populære i 1960-åra.[1] Mot slutten av tiåret byrja dei å verta mindre populære, og mange vart kasta eller stua bort i kjellarar og loft.[2][6] Eit kjend fjernsynsprogram med Knøttene (Peanuts), A Charlie Brown Christmas frå 1965, brukte det kunstige treet som symbol på kommersialiseringa av jula, og forkasta det. Programmet er gjeve skulda for at tida til aluminiumstreet tok slutt.[3][5][6] I 1967 var denne typen tre nesten heilt forsvunnen.[7]

I 1989 kunne ein finna aluminumsjoletre selde brukt for så lite som 25 cent.[7] Seinare har trea vorte populære att som samleobjekt.[2] Eit sjeldan rosa tre på 7 fot vart selt på Internett for 3600 dollar i 2005.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hewitt, James. The Christmas Tree, (Google Books), Lulu.com, 2007, p. 34, (ISBN 1-4303-0820-6).
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Pinto, Barbara. "Town Leads Aluminum Christmas Tree Revival Arkivert 2010-03-25 ved Wayback Machine.", ABC News, 18. desember 2005, vitja 13. desember 2008.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Fortin, Cassandra A. (26. oktober 2008). «It's beginning to look a lot like Christmas (1958)». The Baltimore Sun. Henta 13. desember 2008. 
  4. 4,0 4,1 Skrabec, Quentin R. (6. februar 2017). Aluminum in America: A History. McFarland. s. 204. ISBN 9781476625645. Arkivert frå originalen 2018-12-26. Henta 25. desember 2018. 
  5. 5,0 5,1 Andrews, Candice Gaukel. Great Wisconsin Winter Weekends, (Google Books), Big Earth Publishing, 2006, p. 178, (ISBN 1-931599-71-8)
  6. 6,0 6,1 "A dark family secret: the artificial Christmas tree", Oakland Tribune, 24. desember 2006, via findarticles.com, vitja 13. desember 2008.
  7. 7,0 7,1 Lukas, Paul. Trees Made of Tinsel Arkivert 2012-07-17 ved Archive.is, Money Magazine, via CNNMoney.com December 1, 2004, accessed December 13, 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aluminiumsjoletre