Juletre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Juletre» er òg namnet på eit julehefte gjeve ut av Norsk Barneblad
Eit dansk juletre med levande juletrelys og annan juletrepynt.
Foto: Malene Thyssen

Eit juletre er eit tre eller ein modell av eit tre som blir brukt mange stader til å pynta til jul med. Treet blir pynta med lys og juletrepynt. Mange legg julegåver under treet og går rundt det og syng julesongar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skikken med juletre er henta frå Sveits og det katolske Sør-Tyskland, der bruk av juletre kan førast attende til 1400-talet. I Noreg skal det fyrste juletreet ha vore brukt i Christiania (Oslo) i 1822. Fyrst frå kring 1900 vart skikken med juletre meir ålmenn. I dag har over 90 % av norske husstandar tradisjonen med å pynta eit tre i heimen til jul.

I byrjinga var det mange kristne som mislikte juletreet, sidan dei tykte at det var avgudsdyrking. Skikken med å gå i ring rundt juletreet og syngje julesongar, vart sett på med enno meir skepsis, og samanlikna med dansen rundt gullkalven.

Tretypar[endre | endre wikiteksten]

Levande lys i juletre laga av staur og einerkvist.

Som juletre bruker ein oftast gran eller furu, men edelgran og brake (einer) vert òg brukt.

Nordmenn kjøper rundt 2 millionar juletre kvart år. 20% – 25 % av desse (i 2003 drygt 430 000 grantre) er importerte frå Danmark. I tillegg hogger svært mange tre i eigen skog, eller får frå naboar eller vener som har skog.

I vår tid kjøper mange (300 000 nordmenn i 2004, mot 100 000 i 1998) juletre av plast — oftast anten for å kunna bruke same treet i fleire år eller for å unngå allergiar. Den største eksportøren av slike tre er Kina. I nokre skoglause grender på Vestlandet var det vanleg tidleg på 1900-talet å ha ei tjukkvore skaft med mange hol i. Dette skaftet, som stod på ein fast juletrefot, sette ein så opp og laga «tre» av ved å stikke einegreiner i hola.

Utandørstre[endre | endre wikiteksten]

Nordmannsedelgran (Abies nordmanniana) til sals i Lund i Sverige.

Det er òg vanleg å pynta eit stort grantre utandørs med elektriske juletrelys, ofte på ein sentral plass i bygda eller byen. Eit slikt utandørs juletre vert ofte kalla ei julegran. Oslo kommune har sidan 1945 hatt som årleg tradisjon å senda ei julegran som gåve til England. Denne er ein takk for hjelpa under andre verdskrigen, og ho vert alltid sett opp på Trafalgar Square i London. Hordaland fylkeskommune sender kvart år ei stor julegran til Edinburgh i Skottland.

Samband med andre skikkar[endre | endre wikiteksten]

Juletre blir særleg brukt i samband med kristen og verdsleg julefeiring, men kan òg bli brukt av enkelte i samband med den jødiske lysfesten hanukká.

Skikken med å kle heimen med tre og kvistar er gamal og tente til å verna heimen mot alle slags vonde makter og vesen. Framleis tek mange inn ris av selje til påskefeiringa og dekorerer med lauv ved sommarbryllaup og andre festar.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Juletre