Amber Heard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amber Heard

Fødd22. april 1986 (38 år)
FødestadAustin, USA
FødenamnAmber Laura Heard
Aktive år2003–
Verka somskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar
EktefelleJohnny Depp
SambuarKatherine García, Elon Musk, Valentino Lanús
PrisarYoung Hollywood Awards, Texas Film Hall of Fame, Spotlight Awards

Amber Laura Heard (fødd 22. april 1986 i Austin) er ein amerikansk skodespelar. Etter fleire små roller i film og TV hadde Heard si fyrste hovudrolle i skrekkfilmen All the Boys Love Mandy Lane (2006). Ho vart fyrst kjend for birollene sine i actionfilmen Never Back Down (2008) og komedien Pineapple Express (2008). I 2017 vart Heard med i DC Extended Universe som den atlantiske dronninga Mera i superheltfilmane Justice League (2017), Aquaman (2018) og Justice League (2021). I tillegg til skodespel, har Heard vore ein global talsperson for kosmetikkgiganten L'Oréal sidan 2018. Ho driv òg med aktivisme.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Heard vart fødd i Austin i Texas. Foreldra hennar, Patricia Paige (jentenamn Parsons) ein internetforskar (1956–2020) og David Clinton Heard (fødd 1950), eigde eit lite byggefirma.[1] Ho har ei yngre syster, Whitney.[2] Familien budde utanfor Austin.[3] Heard sin far jobba med hestar på fritida, og ho vaks opp interessert i å ri hestar, jakta og fiska med han.[3] Ho var òg med i konkurransar der dei kappast om kven som hadde flottast utsjånad, men har i vaksen alder sagd at ho ikkje støttar slike konkurransar av di ho meiner dei objektiviserer kvinner.[3][4] I ein alder av 17 år kjende Heard seg ikkje lenger vel i "konservative, gudsfryktande Texas" og droppa ut av den katolske skulen ho gjekk på for å prøva seg på ei skodespelarkarriere i Los Angeles.[1][2][3]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Giftarmål med Johnny Depp[endre | endre wikiteksten]

Frå 2015 til 2017 var Heard gift med skodespelaren Johnny Depp. Skilsmissa deira vekte stor mediemerksemd då ho hevda at han hadde vore valdeleg gjennom det meste av samlivet deira. Depp saksøkte henne for ærekrenking i 2019, etter at Heard skreiv ein kronikk om det å vera eit kjent offer for vald i nære relasjonar. Han gjekk òg til sak i England mot utgjevarane av The Sun, for å ha kome med usanne skuldingar mot han då dei publiserte kronikken til Heard. I 2020 kom domen i High Court of Justice of England and Wales i saka mellom Depp og The Sun. Depp tapte saka. Retten fann at det var ført tilstrekkeleg prov for å syne at fleirtalet av skuldingane til Heard mot Depp var sanne.[treng kjelde]

Filmografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • The Joneses (2009)
  • The Ward (2010)
  • The Rum Diary (2011)
  • Drive Angry (2011)
  • Machete Kills (2013)
  • Magic Mike XXL (2015)
  • Aquaman (2018)
  • Gully (2019)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Amber Heard on her position as a Hollywood voice for justice». Wonderland. 2. april 2019. Henta 26. mai 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Amber Heard on 'Aquaman', Elon Musk, Dedication to Activism». The Hollywood Reporter. 6. desember 2018. Henta 26. mai 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Amber Heard Is Nobody's Victim». Glamour. 27. november 2018. Henta 19. april 2019. 
  4. «Amber Heard will be heard». USA Today. 30. mai 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Amber Heard