Amiens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amiens
Området Saint Leu i Amiens
Området Saint Leu i Amiens
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Picardie
Somme
Geografi
Flatevidd
 - By

49,46 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

135 501
  2 740/km²
Koordinatar 49°53′32″N 02°17′55″EKoordinatar: 49°53′32″N 02°17′55″E
Høgd over havet 33 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Nettstad: www.amiens.fr
Plassering
Amiens dot.png

Amiens er ein by nord i Frankrike, 120 km nord for Paris. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Somme og hovudstad i regionen Picardie. Byen har om lag 130 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Steinalderkulturen kalla Acheulean vart gjeve dette namnet fordi dei først vart identifisert i Saint-Acheul, ein forstad til Amiens. Under romarrtida var byen, då kalla Samarobriva, ein sentral busetnad for Ambiani, ei av dei største stammene i Gallia. Dei brukte myntar, sannsynlegvis frå Amiens, i det første hundreåret f.kr. I følgje segna var det ved byporten til Amiens at Sankt Martin av Tours, då han framleis var ein romersk soldat, delte kappa si med ein naken tiggar. St. Honoratus (d. 600 evt.) var den sjuande biskopen i byen.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Katedralen i Amiens

Amiens katedral (ein verdsarvstad) er den høgaste av dei store «klassiske» gotiske kyrkjene på 1200-talet og den største av sitt slag i Frankrike. Etter at ein brann øydela den tidlegare katedralen, vart den nye katedralen påbyrja i 1220, og stod ferdig i 1247. Amiens katedral er kjend for den samanhengande planløysinga, dei tre vakre nivåa inne i kyrkja, skulpturane på fasaden og tverrskipet, og labyrinten og andre utskjeringar på golvet. Ho har vorte kalla «det gotiske svaret på Parthenon».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amiens