Amnesti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amnesti er ei lovmessig eller administrativ avgjerd om at ein person eller gruppe personar skal fritakast for straffeansvar for ein viss type handling. Dette tyder at strafforfølging knytt til denne typen handling tek slutt, og at verknaden av straffedom for han fell bort.

Ordet «amnesti» (frå gresk amnestia, ‘gløymsle’, av a- og mnestis, ‘minne’[1]) har same rot som amnesi, som betyr ‘gløymsle’ eller ‘minnetap’.

Skilnaden mellom amnesti og nåde[endre | endre wikiteksten]

Å få nåde inneber, i Noreg, ei fritaking for konsekvensane av ein dom – ein slepp å sona straff. Eit amnesti inneber ikkje berre fritaking frå straff, men også at ein reknar det underliggande lovbrotet som ugjort eller gløymt. Nåde vil vanlegvis ikkje utsletta dommen, berre (i Noreg) føre til ein merknad i Strafferegisteret om at personen har fått nåde.[2]


I Noreg er berre myndet til å gje nåde nemnt spesifikt i Grunnloven, og denne mynden er lagt til Kongen.[3] Retten til å gje amnesti fell under den generelle mynden til å gje lovar, og høyrer derfor til under Stortinget.[4]

Justisdepartementet har likevel gått ut frå at for mindre amnesti, som våpenamnesti, kan ein oppnå same effekt ved at Kongen i statsråd eller Riksadvokaten instruerer påtalemakta om at straffeforfølging ikkje skal skje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «amnesti — Den Danske Ordbog», ordnet.dk, henta 3. november 2023 
  2. Forskrift om strafferegistrering § 2 annet ledd
  3. Grunnloven § 20
  4. Grunnloven § 75