Analemma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diagram av eit analemma sett mot aust på ååden nordlege halvkula med datoar for posisjonen til sola. Analemmaet er utrekna og ikkje fotografert.
Analemma plotta som sett frå Greenwich-observatoriet (breiddegrad 51,48° nord, lengdgrad 0,0015° vest) ved middag.

Analemma er i astronomi ei kurve som viser den endrande vinkelavstanden mellom ein himmellekam (vanlegvis sola) og lekamen sin middelposisjonen på himmelkula sett frå ein annan himmellekam (vanlegvis jorda). Nemninga vert brukt når den observerte lekamen, sett frå standplassen, ser ut til å røra seg på ein måte som vert gjenteke etter jamne mellomrom, slik som ein gong i året eller ein gong om dagen. Analemmaet er ei lukka kurva som ikkje endrar seg.

Fordi den årlege omdreiinga til jorda om sola er ein bane som er elliptisk og skråstilt relativt til ekvatorplanet, vil ein observatør på eit fast punkt på jorda synast å sjå sola røra seg i eit analemma rundt ein middelposisjon, og det tek eit år å gjera det. Middelposisjonen synest å dreia ein gong rundt jorda kvart middelsoldøgn, på grunn av rotasjonen til jorda. Den daglege omdreiinga vert ikkje vurdert som ein middelverdi i form av eit gjennomsnitt. Sola sin middelposisjon er difor den same staden på himmelen den same tida kvar dag, men ikkje andre tider. Viss den observerte posisjonen av sola vert plotta eller vert fotografert på same tid kvar dag, eller med nokre få dagars mellomrom, i eit heilt år, vil punkta skildra analemmaet.

Ei alternativ, ekvivalent skildring av sola si analemma er ein graf av deklinasjonen til sola plotta mot tidsjamninga.

På nokre diagram av analemmaet er markert med posisjonane til sola på ulike datoar, med nokre få dagars avstand, gjennom heile året. Med slike datomarkeringar, kan ein ha god nytte av analemmaet i utrekninga av slike ting som tid for soloppgang og solnedgang. Utan datomarkeringar er bileta av analemmaet av liten praktisk nytte, bortsedd frå som dekorasjon.

Analemmaet er eit abstrakt konsept. Det har ingen fysisk eksistens bortsedd frå i diagram og time-lapse-fotografi. Likevel er det i vanleg språk ofte skildra som om det var eit verkeleg, synleg himmelobjekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]