Middag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skogsutsyn ved middag (1878) av Mikhail Klodt.

Middag viser til eit tidspunkt midt på dagen, og til eit måltid, middagsmat, ein tradisjonelt har ete på denne tida.

Middagstidspunktet kan definerast kalenderisk og astronomisk:

  • Allminneleg eller kalenderisk middag er den vanlegaste bruken. Ein kallar klokketidspunktet midt på dagen, kl. 12:00, for middag, uavhengig av normaltid, sommartid eller plassering i tidssona.

Tidspunktet har gitt namn til mange fjell og åsar, til dømes Middagshornet i Barstadvik i Ørsta kommune. Namnet kjem gjerna av at dei namngjevande gardane har sola over dette fjellet ved middagstider.

Middagsmat[endre | endre wikiteksten]

Høgtideleg middag for delegasjonar frå Danmark, Noreg og Sverige ved International Labor Conference by the American Scandinavian Foundation i 1919.
For meir om dette emnet, sjå Middagsmat.

Middag som måltid viser som regel til hovudmåltidet på dagen. Det har typisk ein god porsjon varm mat og kan etast frå middagstidspunktet, men gjerne seinare. Mange et middag om ettermiddagen, ei tid etter skule- eller arbeidsdagen, og i nokre kulturar kan ein ha middag om kvelden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]