Andakt

Andakt er ei enkel form for gudsteneste som kristne, enkeltvis eller i gruppe, er oppfordra til å halde dagleg.
Ordsoge[endre | endre wikiteksten]
Ordet andakt kan brukast i norsk i hankjønn eller hokjønn (ein eller ei). Det har komme frå tysk andenken (tenkje på) via dansk til norsk. Ordet andakt kan brukast i to tydinger: Om ei enkel gudsteneste eller bønestund som omtalt her, eller om ei stemning av alvor og høgtid.[1]
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Ein typisk andakt inneheld bønn, bibellesing og meditasjon. Andakt er ei kjelde til ro og ein moglegheit til å ta ein pause.
Andakt i media[endre | endre wikiteksten]
«Andakten» er eit radioprogram i NRK som har ein særs stabil lytterskare. I 2001 hadde programmet dagleg 430.000 lyttarar. Norea radio sender andaktsserien Over en åpen Bibel til ei rekke lokalradioar, som sender daglege andaktar fem dagar i veka.
Litteratur[endre | endre wikiteksten]
For enkle andaktar finst ein særskilt litterær genre av sokalla andaktsbøker.
Noreg[endre | endre wikiteksten]
Nokre kjende norske forfattarar av andaktsbøker er Fredrik Wisløff, Hans Edvard Wisløff, Ludvig Hope, Ole Hallesby og O. Dahl Goli
Sverige[endre | endre wikiteksten]
Nokre kjende svenske forfattarar av andaktsbøker er Torgny Wirén, Carl Olof Rosenius, Magnus Malm, Wilfrid Stinissen og Aurore Tisell.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- NRKs årsmelding for 2001