Anders Baasmo Christiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Baasmo Christiansen
Anders Baasmo Christiansen.JPG
Anders Baasmo Christiansen i 2010
Foto: Jarle Vines
Fødd 29. januar 1976
Hamar
Yrke skodespelar
Anders Baasmo Christiansen på Commons

Anders Baasmo Christiansen (fødd 29. januar 1976) er ein norsk skodespelar frå Furnes.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Anders Baasmo Christiansen utdanna seg ved Statens Teaterhøgskole frå 1997-2000. Hausten 2000 vart han tilsett ved Trøndelag Teater, der han m.a. spelte Mozart i stykket Amadeus av Peter Schaffer, samt fleire roller i Peer Gynt. Amadeus' vann Hedda-prisen for beste førestilling i 2001. Denn Frå 2002 starta han ved Det Norske Teatret, og han har også gjesta Hålogaland Teater og Riksteatret som skodespelar.

På film spelte Baasmo Christiansen i eit par norske kortfilmar og Kaptein Sabeltann-filmar før han i 2003 fekk spela ei av hovudrollene i filmen Buddy saman med Nicolai Cleve Broch og Aksel Hennie. Denne rolla gav han Amandaprisen for 2003 i klassen Beste mannlege hovudrolle, og gav karrieren hans eit kraftig lyft. Av større produksjonar spelte han i 2005 i 37 og et halvt og miniserien Ran. Han spelte rolla som Ibsen i NRK-miniserien En udødelig mann (2006) og spelte i Mars & Venus (2007).

I 2007 fekk han for fyrste gong ei rolle i ein nordisk film, nemleg den svenske produksjonen Arn - Tempelridderen. Filmen er den fyrste av to filmar om den svenske tempelryttaren Arn, basert på bøkene av Jan Guillou. Baasmo Christiansen hadde rolla som nordmannen Harald Øysteinsson, ein av Arn sine allierte. Regissøren av filmane var danske Peter Flinth, og Christiansen spelte her saman med Joakim Nätterqvist, Sofia Helin, Bibi Anderson og Stellan Skarsgård. Han hadde same rollefiguren i oppfylgjaren Arn - Riket ved veiens ende frå 2008.

I 2008 dukka Baasmo Christiansen også opp i Fatso av Arild Fröhlich, hadde hovudrolla i Nord frå 2009, og spelte vidare i Vegas (2009), Bestevenner (2009 og En ganske snill mann (2010), nok ein gong saman med Stellan Skarsgård. Dei siste åra har han spelt i fjernsynsseriane Dag og Koselig med peis. Han har i tillegg hatt mange roller som stemmeskodespelar i teiknefilmar.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]