Statens Teaterhøgskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Statens Teaterhøgskole er ein norsk statleg utdanningsinstitusjon innan teater som sidan 1996 har vore innlemma i Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). Teaterhøgskolen er no ein av tre norske institusjonar som tilbyr skodespelarutdanning på høgskolenivå, men har framleis nasjonalt eineansvar for utdanning av sceneinstruktørar.

Teaterhøgskolen vart skipa under namnet Statens Teaterskole i Oslo i 1953, etter stortingsvedtak året før, med integrert treårig skodespelarutdanning. Han fekk høgskolestatus i 1982, og eiga instruktørlinje i 1983.

Teaterhøgskolen er i dag fireårig med tredje året som praksisår ved teatra. Det årlege elevopptaket er på 10–12 elevar, etter samråd om talet med Norsk Skuespillerforbund og Norsk Teaterlederforening. Elevene vert valde ut av en sakkyndig komité etter prøvar. Skulen underviser m.a. i plastikk, stemmebruk og fekting, song og dans, norsk, teaterhistorie, litteraturhistorie og dramaturgi. Høgskulen held dessutan særkurs i radio, fjernsyn og film.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]