Anders C. Svarstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders C. Svarstad
Anders Castus Svarstad OB.F06478b.jpg
Fødd 22. mai 1869
Hole
Død

22. august 1943
Oslo

Yrke kunstmålar

Anders Castus Gudbrandsson Svarstad, ofte berre A. C. Svarstad, (22. mai 186922. august 1943) var ein norsk kunstmålar frå Hole i Buskerud som er best kjend for sine bylandskap.

Gate i Brugge av Anders Svarstad frå 1910. Olje på lerret, Bergen Kunstmuseum
London hamn

Svarstad var son til ein målar. Frå 1886 var han i tre år elev ved den seinare kunstskulen i Kristiania. Sidan livnærde han seg som dekorasjonsmålar i hovudstaden til etter 1900. Inn i mellom arbeidet studerte han kunst i Nord-Amerika 1895-97, og i Paris med handverksstipend hos Gustave Courtois til 1898 og deretter i København hos Lauritz Tuxen og seinare hos Christian Krohg.

Svarstad sine måleri er mest bybilete frå Belgia, Tyskland og Italia, der han budde i fleire år, og frå Noreg. Måleria hans er forma i ein kraftig stil og haldne i ein lysfattig, men sjølvstendig koloritt. Særleg fargane svart og raudt går att i bileta hans. Elles måla han ein del gode portrett, mellom andre av Sigrid Undset som han var gift med frå 1912 til 1925.

Frå 1926 dreiv han ein målarskule i Oslo saman med Søren Onsager.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]