Anders Holte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Holte
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. august 1849
Trondenes kommune
Død

11. mai 1937 (87 år)
Harstad kommune

Yrke navigatør, los, skipsførar

Anders Nikolai Holte (28. august 184911. mai 1937) var ein norsk los som gjorde pionerarbeid innan kystnavigasjon. I 1890-åra utvikla han ein navigasjonsmetode som gjorde det mogeleg å segle om natta langs norskekysten. Dette gjorde at det var mogeleg for Richard With å segle i kontinuerleg rutefart. Metoden hans bestod i å notere tid og stad for alle kursendringar. Då skipet seinare kom inn i ein tåkebanke kunne Holte følgje sine eigne observasjonar og føre skipet trygt fram.

Holte var i 1892 kaptein for Haalogalands Dampskibsselskab og vart disponent i same selskapet frå 1903 til 1911. Holte var kystlos for Vesteraalske Dampskibsselskab frå 1911 til 1932.

Holte fekk Kongens fortenstmedalje i 1930. En bauta til minne om den driftige losen vart reist i Harstad sentrum i 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Holte «Anders_Holte» i Store norske leksikon, snl.no.