André Lhote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
André Lhote

André Lhote (5. juli 188525. januar 1962) var ein fransk målar og kunstteoretikar som laga både figurmåleri, portrett, landskapsbilete og stilleben.

Lhote, som var frå Bordeaux, byrja målarlivet som autodidakt, påverka av kunsten til Paul Gauguin og seinare Paul Cézanne. Frå kring 1911 vart han særleg oppteken av kubismen og slutta seg i 1912 til gruppa «Section d'Or». Den kubistiske stilen utvikla han på sin eigen måte, utan heilt å abstrahere figurar og andre element i bileta sine. Med åra vart koloritten kraftigare. Han spela ei større rolle som kunstkritikar og gav ut fleire bøker om kunst.

Lhote starta opp eit eige kunstakademi i 1922, der ei rekke norske målarar var elevar. Dermed kom han til påverke norsk målarkunst i mellomkrigstida. Mellom dei norske som tok sterke inntrykk av målarstilen hans var Georg Backer Berg, Nils Krantz, Inger Sitter, Aage Storstein og Olaf Willums.

Lhote er representert i Nasjonalgalleriet i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store norske leksikon